Stockholm-traktaten var to avtalar som vart signerte i 1719 og 1720 og som enda krigen mellom Sverige på den eine sida og Hannover og Preussen på den andre.
Då Karl XII av Sverige døydde i 1718 vart det tydeleg at den store nordiske krigen nærma seg slutten. Etterfølgjaren Fredrik I starta å forhandla fram avtalane. Dei siste restane av konflikten vart løyst då Frederiksborg-traktaten med Danmark-Noreg vart underteikna i 1720 og freden i Nystad med Russland i 1721.
I avtalen med Hannover frå den 9. november 1719 avstod Sverige Bremen-Verden.
Den 21. januar 1719 avstod Sverige Svensk Pommern sør for elva Peene og aust for elva Peenestrom til Preussen, inkludert øyane Usedom og Wollin og byane Stettin (Szczecin), Damm og Gollnow. Avtalen vart formalisert i 1720 og tredde i kraft då Fredrik Wilhelm I av Preussen gav ut eit patent som erklærte at dei avståtte områda vart ein del av Preussen den 29. mai 1720. Delane av Svensk Pommern som vart verande ein del av Sverige var då under dansk okkupasjon og vart gjeve attende til Sverige i Frederiksborg-traktaten den 3. juli 1720.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Freden i Stockholm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.