Festspela i Bayreuth (tysk Bayreuther Festspiele) er ein musikkfestival som blir halden kvart år i Bayreuth i Tyskland med framføringar av verk av komponisten Richard Wagner.
Det var Wagner sjølv som kom på og dyrka ideen om ein eigen festival til å visa fram verka hans, særleg den monumentale Ring-syklusen hans (Der Ring des Nibelungen) og Parsifal.
Framføringane finn stad i eit særskild utforma teater, Bayreuth Festspielhaus. Wagner sjølv oversåg utforminga og bygginga av teateret, som hadde mange arkitektoniske nyvinningar for å gje rom til dei store orkestera Wagner skreiv for og for visjonane hans om korleis verka skulle framførast. Festspela er blitt ein valfartsstad for Wagner-tilhengjarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Festspela i Bayreuth, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.