Fantasiforbundet (skipa 2009) er ein norsk organisasjon for aktivitetar knytte til spel, eventyr og fantasien.
Leiar er Åslaug Ullerud (2016). Fantasiforbundet skal ifylgje føremålsparagrafen skape eit morosamare og meir fantastisk samfunn. Fantasiforbundet sin hovudaktivitet går føre seg i Noreg, men forbundet arbeider også internasjonalt med fokus på menneskerettar, særleg organisasjonsfridom og retten til å ta del i kulturlivet. Forbundet baserer seg på friviljug arbeid, einskildmedlemskap og sjølvstyrte prosjektgrupper. Mange av prosjekta, men ikkje alle, har tilknyting til laiv.
Fantasiforbundet har mellom anna arrangert seglasen En Midsommernatts Drøm og Fantasigründerskolen. Fantasiforbundet samarbeider med Laivfabrikken Oslo om å lage kortlaivfestivalen Grenselandet som vart halden fyrste gong i november 2010. Mykje av aktiviteten skjer i Oslo og Trondheim, men der finst medlemmar over heile landet. I november 2010 vart Fantasiforbundet Midt-Noreg skipa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fantasiforbundet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.