Einar Brun (9.
november">9. november 1936–13. juli 1976) var ein norsk biolog som arbeidde med emne innan marinbiologi og med studiar av sjøfuglkoloniar. Han var mellom anna leiar ved Marinbiologisk Stasjon ved Universitetet i Tromsø og arbeidde med realisering av anlegg for lakseoppdrett.
Einar Brun voks opp i Sandefjord der han tidleg fekk interesse for ornitologi og tok til å merke fuglar for Stavanger Museum. Frå 1965 var han busett i Tromsø, knytt til Tromsø Museum og universitetet. Han var gift med kunstnaren Diana Mary (Dido) Berry.
Frå 1955 arbeidde han med ringmerking i Sverige og Danmark og frå 1957 på øya Skokholm i Wales der han blei tilsett på fuglestasjonen frå 1958.
Brun tok hovudfag ved Zoologisk museum i Oslo i 1963, og doktorgraden på pigghudar ved universitetet i Liverpool i 1969.
Frå 1964 blei Brun tilsett ved Tromsø Museum. I 1972 blei han utnemnd til professor i akvatisk biologi ved Universitet i Tromsø, men returnerte til Tromsø Museum i 1975.
Brun dokumenterte funn av kvikksølv i sjøfuglegg i 1974, observerte nedgang i alkefuglpopulasjonar og dokumenterte dette ved eit symposium i Seattle i USA i mai 1975.
Blant publikasjonane til Einar Brun finst ei bok i programmering for problem i statistisk analyse på Noregs første datamaskin med integrerte kretsar, Simulator for Automatisk Maskineri, SAM 2.
Anders Klemetsen: Einar Brun i Norsk biografisk leksikon
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Einar Brun, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.