Early Morning Rain av George Hamilton IV frå albumet Steel Rail Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1966 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Gordon Lightfoot | |
Tekstforfattar | Gordon Lightfoot | |
Låtskrivar(ar) | Gordon Lightfoot | |
---|---|---|
George Hamilton IV-kronologi | ||
«Steel Rail Blues» (1966) | Early Morning Rain | «Urge for Going» (1967) |
«Early Morning Rain» (stundom «Early Mornin' Rain») er ein song skriven og innspelt av den kanadiske songar-låtskrivaren Gordon Lightfoot. Songen kom ut i 1966 på debutalbumet hans Lightfoot! og i ein nyinnspelt versjon i 1975 på samlealbumet Gord's Gold.
Lightfoot skreiv songen i 1964, men opphavet til songen var ei reise han gjorde til Westlake i Los Angeles i 1960. På denne tida hadde Lightfoot heimlengsel og brukte å dra ut til Los Angeles lufthamn på regndagar for å sjå på flya. Biletet av flya som tok av og forsvann i skyene var framleis med han i 1964 då han passa på den fem månader gamle sonen sin og tenkte «Eg skal legge han i vogga si og skrive ein song». «Early Morning Rain» vart resultatet.
Den kanadiske ektefolkduoen Ian & Sylvia var blant dei første som gav ut denne songen i 1965. Det tok over eit år før Lightfoot spelte inn og gav ut sin versjon i 1966. Grateful Dead spelte òg inn songen i 1965. Funk supergruppa Cameo har ofte spelt songen på konsertane sine som ei hyllest til Lightfoot. We Five gav ut ein versjon av songen i 1970 på albumet Catch the Wind.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Early Morning Rain, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.