Den franske motstandsrørsla, som på fransk vart kalla la Résistance (la résistance intérieure française), er ei fellesnemning for fleire løynde rørsler og nettverk inne i Frankrike som kjempa under andre verdskrigen mot særleg den tyske okkupasjonsmakta, men òg deira franske medløparar, såleis òg mot militærmakta til det franske Vichyregimet (régime de Vichy).
Motstandrørslene var verksame både i byane og på landsbygda, og samla folk frå alle sosiale lag i samfunnet. Verksemda femna om militære operasjonar og sabotasje, spionasje og anna innhenting av opplysningar til nytte for dei allierte landa som kjempa mot Tyskland, men òg sivil og ikkjevaldelege motstand, som drift av eit vidtfemnade nett av løynde aviser som styrkte samhaldet i landet mot okkupasjonen, organiseringa av streikar og andre former for manifestasjonar, hjelp til dei som freista kome seg unna den tyske utskrivinga av franske borgarar til arbeid for okkupasjonsmakta, hjelp til rømde krigsfangar og til forfylgde jødar, produksjon av falske legitimasjonspapir og andre naudsynte dokument, og så bortetter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den franske motstandsrørsla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.