Daft Punk (1993-2021) var ein fransk duo som laga elektronisk musikk.
Daft Punk | |||
| |||
Aktiv | 1993–2021 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | house, elektronisk musikk, French house, synthpop, Elektronisk rock, electronica, nu-disco, dansemusikk, leftfield house | ||
Instrument | Roland TB-303 | ||
Plateselskap | Soma Quality Recordings, Virgin Records, Columbia Records, Walt Disney Records | ||
Prisar | Grammy Award for Best Pop Duo/Group Performance, Grammy Award for Best Dance/Electronic Album, Grammy Award for Album of the Year |
Thomas Bangalter (fødd 3. januar 1975) og Guy-Manuel de Homem-Christo (fødd Guillaume Emmanuel Paul de Homem-Christo 8. februar 1974) skipa gruppa i 1993. Dei to DJ-ane frå Paris gav ut tre EP-ar før dei i 1997 gav ut det kritikarroste albumet Homework. Dette albumet gjorde sitt til at fransk house vart sett på musikkartet og grupper som Cassius, Phoenix og Air følgde i kjølvatnet.
I 2001 kom oppfølgjaralbumet Discovery som også vart godt motteke av den internasjonale musikkpressa.
Lydbildet til gruppa er karakterisert som ei dansegolv-orientert blanding av progressiv house, electrofunk og med innslag av hip-hop og nærmast ein overflod av samples.
Daft Punk skal ha opna dørene for french touch (sjangeren), french house og french electonica.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Daft Punk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.