Bratislavský lesný park eller Bratislava skogspark er ein «skogspark» (i røynda ein skog) i Bratislava i Slovakia, ved foten av Dei vesle Karpatane.
Parken vert styrt av Bratislava Byskogar, ein ideell organisasjon.
Parken dekkjer eit område på 27,3 km² og 96 % av parken er dekt av skog. I parken finst naturleg plante- og dyreliv som snok, steinkreps, grevling, raudrev, mufflon, naverlønn og hyllebær. Elva Vydrica spring ut frå parken.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bratislavský lesný park, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.