Borghild Solveig Niskin (19.
februar">19. februar 1924–18. januar 2013) var ein norsk alpinist frå Hole i Buskerud. I tida 1946-56 vann ho 17 NM-titlar. Ho vart som fyrste kvinne tildelt Holmenkollmedaljen i 1956.
Borghild Niskin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. februar 1924 Hole |
Død | 18. januar 2013 (88 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Borghild Niskin, fødd Hansen på Sollihøgda i Hole, tok sitt fyrste noregsmeisterskap då ho i 1946 vann den fyrste av fem norske meistertitlar i slalåm. Ho debuterte i olympiske leikar under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ho saman med Laila Schou Nilsen utgjorde Noregs kvinnelag. Hennar beste plassering var ein 19. plass. Betre gjekk det ikkje i VM 1950 i Aspen, der ho kom på 23. plass i utfor. Under OL 1952 på heimebane i Oslo vart ho beste norske deltakar med sjetteplass i storslalåm.
Etter gode prestasjonar i alpin-VM 1954 i Åre, der ho vart nummer åtte i utfor og i kombinasjonen, fylgde ho opp med sine beste resultat under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med åtte tidels sekund opp til bronsevinnaren Thea Hochleitner vart ho nummer sju i storslalåm. Tidene frå dei olympiske tevlingane i slalåm og utfor vart rekna saman som ei VM-øving i kombinasjon; her kom Niskin på femteplass. OL-sesongen 1956, hennar siste sesong, vart avslutta med at ho tok sitt sjuande NM-gull i utfor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Borghild Niskin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.