Barne-TV er nemninga på TV-program på NRK med barn i alderen 4–12 år som målgruppe.
Denne programtittelen vart brukt første gong i 1970. Omgrepet vert ofte brukt i ein noka utvida form som òg omfattar program for eldre barn. Nemninga «barne-TV» er på norsk dessutan blitt brukt om underhaldande eller pedagogiske barneprogram på fjernsyn generelt, altså uavhengig om dei har vorte vist på NRK Barne-TV eller ikkje.
Sidan 2007 har Barne-TV vore nemninga på ei programflate på NRK Super. Per 2020 strekkjer Barne-TV seg frå kl 18.00 til 18.30 måndag til sundag. "Programmet" startar med ein vignett som har vore lik sidan 2007. Så opnar programmet med ein eller to programleiarar som gjennom heile programmet underheld i små pausar før dei introduserer neste innslag. Innslaga kan til dømes vera teiknefilmar, enkeltproduksjonar eller episodar av dramaseriar.
NRK starta TV-sendingar retta mot barn hausten 1960, og ansvarleg var Lauritz Johnson. I byrjinga heitte programmet I kosekroken, og blei berre sendt ein gong i veka kl. 18.00. Dette tidspunkt blei verande uendra gjennom mange år, heilt til NRK Super overtok barneprogramma (ein periode var sommaren eit unntak, då Barne-TV blei sendt ein halv time seinare). I byrjinga var dei fleste i barne-TV-redaksjonen lærarar, noko som prega programma og gav dei eit pedagogisk preg. I 1969 kom Pompel og Pilt, som var eit opprør mot dei pedagogiske programma. Lekestue som kom i 1967 kombinerte leik og læring. Programtittelen barne-TV blei brukt første gong i 1970. Til trass for at nemninga først og fremst vert brukt om program for førskolebarn, har omgrepet ofte vore brukt i ei noka utvida form som òg omfattar program for eldre barn og barneprogram på fjernsyn generelt, altså uavhengig om dei har vorte vist på NRK Barne-TV eller ikkje.
Lekestue, Labbetuss, Portveien 2 og Sesam stasjon er døme på produksjonar som blei sende i Barne-TV-flaten.
Blikkbåx kom i 1987 og var det første programmet med barn som programleiarar. Dette programmet var likevel retta mot eldre barn og stod litt utanfor Barne-TV-konseptet i streng forstand. Det blei etterfølgd av Midt i smørøyet.
NRK Super blei starta 1. desember 2007. Ved oppstarten av kanalen blei ein del av barneprogramma sende parallelt i TV-kanalane NRK1 og NRK Super. Med utbygginga av digitalt bakkenett blei sendefrekvensen til NRK Supper og NRK3 tilgjengeleg for alle lisensbetalarar. Frå og med 2010 har Barne-TV bere blitt sendt i NRK Super etter å ha vore ein fast programpost på NRK1 sidan 16. september 1960.
TV-program for barn og unge sendt på NRK
Lista omfattar eit utval norske studiopresentasjonar med norske og utanlandske fjernsynsseriar og kortfilmar til barn og unge vist på NRK, ofte under den daglege programskilet «Barne-TV». Årstalet viser kva tid programma først blei sende.
Norskproduserte studioprogram, seriar og kortfilmar
1960-åra
Pernille og Mr. Nelson, dokkeserie sendt 1961, 1966, 1968 og 1976
På tokt med Mathilde, sendt 1962 og 1971 (13 episoder)
Kanutten og Romeo Clive, sendt 1963,1968,1973 og 1976
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Barne-TV på NRK, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.