Axel Theodor Lindahl (fødd 27.
juli">27. juli 1841 i Mariestad, død 11. desember 1906) var ein svensk fotograf som i perioden 1883-89 arbeidde i Noreg. Han er særleg kjend for sine landskapsbilete.
Axel Lindahl | |
Statsborgarskap | Noreg, Sverige |
Fødd | 27. juli 1841 Mariestads församling |
Død | |
Yrke | fotograf |
Axel Lindahl på Commons |
Lindahl var frå Mariestad i Västra Götalands län. Saman med broren Udo opna han fotoverkstad i Uddevalla i 1865; allereie året etter vart verk av han utstilt på museum. Kring 1867 flytta han verksemda si til Göteborg. Der tok han etter kvart til å interessere seg for landskapsfotografering. Til å byrje med konsentrerte han seg om den svenske vestkysten, før han flytta over grensa til Noreg. I 1883 selde han parten sin i foto-verksemda i Sverige. Frå då av var norske landskapsfotografi hans einaste forretningsfelt, i nært samarbeid med forleggaren Rich. Andvord.
Til skilnad frå mange samtidige naturfotografar, som la vekt på å syne det spektakulære i det norske landskapet, søkte Lindahl å vektlegge det harmoniske og estetiske i naturlandskapet.
Gjennom sine år i Noreg laga han 3 500 negativplater. Ein stor del av Lindahl-bilete frå Noreg vart overteke og innlemma i negativarkivet til den norske fotografen Anders Beer Wilse. Desse er del av Wilses fotoarkiv, som den norske staten kjøpte av private eigarar i 1991, og som i dag er å finne på Norsk Folkemuseum. Delar av fotografia hans er gjort tilgjengeleg på Galleri NOR.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Axel Lindahl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.