Asteroidefamilie

Ein asteroidefamilie er ei gruppe av asteroidar som deler baneelement, slik som store halvakse, eksentrisitet og banehelling, og spektrum.

Medlemane er tenkte å vera fragment av ein tidlegare asteroidekollisjon.

Asteroidefamilie
Illustrasjonen viser fordelinga av numererte asteroidar ved inklinasjon versus store halvakse. Asteroidefamiliane kan sjåast som fortettingar.Kirkwood-gap deler opp asteroidebanane (A, B+C, D, E+F+G).

Generelle eigenskapar

Store asteroidefamiliar inneheld fleire hundre av dei kjente asteroidane i tillegg til mange fleire, mindre objekt som enno ikkje har blitt oppdaga, eller som enno ikkje har blitt studert. Små tette familiar kan ha berre ein ti identifiserte medlem. Omtrent 33% til 35 % av asteroidane i hovudbeltet høyrer til i ein familie.

Det finst omtrent 20-30 anerkjente asteroidefamiliar i tillegg til eit titals minde sikre grupperingar. Dei fleste asteroidefamiliane finn ein i hovudbeltet, men fleire familieliknande grupper, slik som Pallas-familien, Hungaria-familien og Phocaea-familien ligg ved mindre store halvakse eller større inklinasjon enn hovudbeltet.

Ein familie har blitt føreslege i samband med det store transneptunske-objektet 2003 EL61. Nokre studie har forsøka å finna bevis for kollisjonsfamiliar blant jupitertrojanane, men så langt finst det ikkje konkluderande slike.

Opphav og utvikling

Asteroidefamiliane er tenkte å vera resultat av kollisjonar mellom asteroidar. I mange eller dei fleste tilfella vart opphavslekamen knust og delt i småbitar, men det der òg fleire familiar som stammar i frå eit større nedslagskrater som ikkje øydela opphavslekamen (t.d. Vesta, Pallas, Hygiea og Massalia familiane). Slike kraterfamiliar består typisk av ein enkel stor lekam i tillegg til ein sverm av andre asteroidar som er mykje mindre. Nokre familiar, som Flora-familien, har komplekse indre strukturar som ikkje er tilstrekkeleg forklart for tida, men kan vera resultatet av fleire kollisjonar i den same regionen til ulike tider.

På grunn av måten dei blei danna på, har alle medlemane ein mykje lik samansetnad. Merkbare unntak er dei familiane som blei danna ifrå ein stor differensiert lekam, slik som Vesta-familien.

Kjelde

Tags:

AsteroideBaneelementBanehellingEksentrisitetStore halvakse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Madeleine av SverigeVerdas landKongsbergMarcus & MartinusSeher AydarAnders Behring BreivikSvartedauenLokeLønnABBAÅtferdMedianKaffisurrogatVysjyvankaHundDonauNord-AmerikaKvadratmeterNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1986NormandiePortugisiskVillsvinFillfjordenSmerteRingdueOnamOffisielle språkNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1985EritreaNorsk rikskringkastingHeggDet greske flagget330 skvadronEurovision Song ContestSola kommuneKristen SkjeldalSenterpartietLeinstrandAbdusamet YigitFri viljeNaturNord-KoreaLotta i BråkmakergataKinn kommuneHotel Union ØyePokémon GoVladimir PutinSolsøyleErik SolbakkenOslo kommuneMed hjartet på rette stadenStavaOmanTrøndelag fylkeAsta NielsenKosei TaniElectrolux AssistentFløyelsblomslektaGoogle MapsQ.E.D.Melodi Grand Prix 2024ThailandNoreg i Eurovision Song ContestSikhismenOperasjon ClaymoreOslofrukostenFredrik HøstakerGammalnorskPliktetikkMaud av NoregÅlesundClaudio Abbado800Allahu akbar🡆 More