Vostoksjøen

Vostoksjøen er den største av meir enn 140 subglasiale innsjøar, innsjøar som ligg under isen, i Antarktis.

Han ligg under den russiske Vostokstasjonen, 4000 meter under isen. Han er 250 km lang og 50 km på det breiaste, og har dermed liknande storleik som Ontariosjøen og er delt inn i to store basseng, delt av ein rygg. Vatnet over ryggen er om lag 200 meter djup, medan den nordlege halvdelen er kring 400 meter djup og den sørlege omkring 800 meter. Vostoksjøen dekkjer eit areal på 15 690 km² og består av ferskvatn. Han har eit estimert volum på 5400 km³. Middeldjupna er 344 meter. I mai 2005 vart det funne ei øy midt i innsjøen.

Vostoksjøen
Lake Vostok
innsjø
Vostoksjøen
Sett frå verdsrommet med radar kan ein sjå Vostoksjøen som eit flatt område på iskalotten. (NASA GSFC)
Land Vostoksjøen Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 77°30′S 106°00′E / 77.500°S 106.000°E / -77.500; 106.000
Lengd 250 km
Breidd 50 km
Areal 15 690 km²
Volum 5 400 ± 1 600 km³
Type subglasial riftsjø
Hydraulisk opphaldstid 13 300 år
Administrert under Antarktistraktaten

Vostoksjøen
77°30′S 106°00′E / 77.5°S 106°E / -77.5; 106
Vostoksjøen is located in Antarktis
Vostoksjøen
Vostoksjøen (Antarktis)
Wiki Commons: Lake Vostok

Innsjøen vart bora av russiske forskarar i 2012. Den overliggande isen gjev ein kontinuerleg paleoklimatisk arkiv på 400 000 år, sjølv om vatnet kan ha vore isolert i 15 til 25 million år. Den 5. februar 2012 hevda eit lag av russiske forskarar å ha fullført den lengste iskjerneprøven gjennom tidene med ei lengd på 3768 meter med is, og bora gjennom isflata i overflata på innsjøen. Så snart isen vart gjennomtrengt, spruta vatn frå innsjøen opp boreholet.

Den første kjernen med nyfrosen innsjøis vart henta opp 10. januar 2013 frå ei djupne på 3406 meter, og er enno ikkje analysert. Det russiske laget har planar om å sende ein sonde ned i vatnet for å hente opp vassprøvar og sediment frå botnen. Ein trur at det kan finnast uvanlege livsformer i vatnet. Sidan Vostoksjøen består av eit miljø som har vore avskoren frå omverda i millionar av år, i tilhøve som kan minne om dei ein trur finst i det isdekte havet på Jupitermånen Europa.

Oppdaging

Radarbilete

Radardata teken frå lufta var dei første som synte at det fanst innsjøar under iskalotten i Antarktis seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. Vostoksjøen vart først oppdaga i 1973 av forskarar på Scott Polar Research Institute, men han fekk ikkje namn av dei.

Russiske og britiske forskarar skisserte innsjøen i 1996 ved å nytte forskjellige data, mellom radarar frå lufta, som kunne trengje gjennom isen. Det har vorte stadfesta at innsjøen inneheld store mengder flytande vatn under den over 3 km tjukke iskappa, og er truleg den mest uforderva innsjøen på jorda.

Innsjøen er utan tvil særs gammal. Opphavleg trudde ein at det same vatnet hadde halde seg i innsjøen sida innsjøen vart danna, noko som hadde gjeve ei hydraulisk opphaldstid på fleire millionar år. Seinare forsking av Robin Bell og Michael Studinger frå Lamont-Doherty Earth Observatory ved Columbia University foreslo at vatnet i innsjøen stadig frys til og vert flytta med isen i Antarktis, men vart erstatta av is som smelta frå andre delar av iskappa, noko som er mogeleg under så høgt trykk som ein har ved overflata av innsjøen. Det vart då estimert at all vatnet kan bytast ut etter 13 300 år. Til samanlikning har Ontariosjøen ei hydraulisk opphaldstid på om lag seks år, noko som er vanleg for ein innsjø på denne storleiken.

Temperatur

Middeltemperaturen i vatnet er rundt 3 ºC, noko som er underkjølt vatn og under normalt frysepunkt for vatn. Vatnet frys likevel ikkje fordi trykket er særs høgt på grunn av isen over vatnet. Geotermisk varme frå det indre av jorda varmar opp botnen av innsjøen. Sjølve iskappa isolerer innsjøen frå dei låge temperaturane på overflata.

Iskjerne

Forskarar ved Vostokstasjonen produserte ein av dei lengste iskjernene i verda i 1998. Eit forskarteam frå Russland, Frankrike og USA bora og analyserte kjernen, som var 3623 meter lang. Isprøvar frå kjernar nær toppen av innsjøen er analyserte til å vere så gammal som 420 000 år, noko som tyder på at innsjøen har vore dekt av is for mellom 500 000 og meir enn ein million år. Forskarane stoppa boringa før ein nådde innsjøen, fordi ein ikkje ville forureine vatnet med freongassen og flybensinen ein nytta for å hindre at boreutstyret fraus fast.

I kjernane fann ein spor etter mikrobar, noko som indikerer at innsjøen kan innehalde liv. Forskarane trur at innsjøen kanskje inneheld eit unikt habitat for eldgamle bakteriar med genar som er typiske for dei som vart utvikla for ein halv million år sidan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Vostoksjøen OppdagingVostoksjøen KjelderVostoksjøen BakgrunnsstoffVostoksjøenAntarktisFerskvatnOntariosjøenRusslandSubglasial innsjø

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

11. aprilHans ØyHydrogenHestehovIngrid Alexandra av NoregEl NiñoKristoffer ColumbusEspen Barth EideCarl LarssonSørøya i FinnmarkIdas sommarvisa45 av KinoMarte GerhardsenFranskDet ukrainske alfabetetI'm Still StandingLongyearbyenHenrik II av EnglandVengFlorøMartha SkrettebergLars SponheimHarald V av NoregSpanskProvinsar i OmanFthiótidaSenterpartietNoahAtommodellTyrkiaAusterrikeBolsjevismeFascismeFuglen munkHenrik WergelandRafaelCristiano Ronaldo2016FemtiøringInformasjonskapselKonfutseBlåmannKaspihavetReinFrida KahloMatriarkHanamiGeorg III av StorbritanniaHolmenkollmedaljenThoriumkraftverkGry HammerNasjonalrettGåsTalordPlaneten JupiterSymbolPink FloydIf I Were SorryKopparReggaeBjørn Arild GramFranklin D. RooseveltKongsberg SølvverkVest-TysklandMike PinderTidslinje over norsk historieOperativsystemKattugleKaména VoúrlaBergenAlbaniaPláka DílesiBergen kommune🡆 More