Twelve Days Of Christmas: Kummulativ folkevise

«Twelve Days of Christmas» er ein engelsk julesong som lister opp eit stadig aukande tal gåver som blir gjeve på kvar av dei tolv dagane i den tradisjonelle juletida.

Twelve Days Of Christmas: Kummulativ folkevise
Gåvene i «Twelve Days of Christmas»
Twelve Days Of Christmas: Kummulativ folkevise
Mirth without Mischief (1780). London, trykt av J. Davenport, George's Court. Dette er den første kjend utgjevinga av «Twelve Days of Christmas».

Songen blei først gjeven ut i England i 1780 som ei regle utan musikk. Truleg har han fransk opphav.

«Twelve Days of Christmas» er nummer 68 i Roud Folk Song Index. Innsamla versjonar har fleire ulike melodiar. Den vanlegaste melodien ein bruker til å synga han i dag kjem frå eit arrangement av ein tradsjonell melodi frå 1909 utført av komponisten Frederic Austin. Her blei den no vanlege forlenginga av det femte verset med «five gold rings» innført.

Tekst

Twelve Days Of Christmas: Kummulativ folkevise 
Skillingstrykk av songen gjeven ut av trykkeriet Angus i Newcastle i perioden 1774–1825.
Twelve Days Of Christmas: Kummulativ folkevise 
Melodien med det siste verset.

«The Twelve Days of Christmas» er ein reglesong der kvart nytt vers gjev eit tillegg til tidlegare vers. I kvart av dei tolv versa gjev «my true love» ei ny gåve on one of the twelve days of Christmas. Kvar dag aukar talet på gåver med ein, slik at det på den tolvte dagen blir send tolv gåver.

Teksten har mange variasjonar. Under er teksten frå Frederic Austin si utgåve i 1909, som er blitt den vanlegaste varianten. Dei første tre fullstendige versa er som følgjer:

On the First day of Christmas my true love sent to me
a Partridge in a Pear Tree.

On the Second day of Christmas my true love sent to me
Two Turtle Doves
and a Partridge in a Pear Tree.

On the Third day of Christmas my true love sent to me
Three French Hens,
Two Turtle Doves
and a Partridge in a Pear Tree.

Dei neste versa følgjer same mønster. Kvart av dei legg til ei ny gåve og nemner opp att alle dei tidlegare gåvene, slik at kvart vers blir ei linje lenger enn det føre:

    4 Calling Birds
    5 Gold Rings
    6 Geese a-Laying
    7 Swans a-Swimming
    8 Maids a-Milking
    9 Ladies Dancing
    10 Lords a-Leaping
    11 Pipers Piping
    12 Drummers Drumming

Kjelder

  • Austin, Frederic, (arr.) The Twelve Days of Christmas (Traditional Song), London: Novello, 1909.
  • Gomme, Alice Bertha (1898). The Traditional Games of England, Scotland, and Ireland ii. London: David Nutt. s. 315–321. 
  • Eckenstein, Lina. Comparative Studies in Nursery Rhymes. Chapter XII, "Chants of Numbers" (London: Duckworth, 1906), pp. 61–65.
  • Husk, William Henry (red.) Songs of the Nativity, London: John Camden Hotten, 1864.
  • Kittredge, G. L. (July–September 1917). «Ballads and Songs». The Journal of American Folk-Lore (Lancaster, PA: American Folk-Lore Society) xxx (cxvii): 365–367. 
  • Sharp, Cecil J., A. G. Gilchrist and Lucy E. Broadwood. «Forfeit Songs; Cumulative Songs; Songs of Marvels and of Magical Animals». Journal of the Folk-Song Society, Vol. 5, No. 20 (November 1916), pp. 277–296.
  • Yoffie, Leah Rachel Clara. «'Songs of the 'Twelve Numbers' and the Hebrew Chant of 'Echod mi Yodea'». The Journal of American Folklore, Vol. 62, No. 246 (October – December 1949). «The Twelve Days of Christmas». S. 399–401.
  • Opie, Peter and Iona, red. The Oxford Dictionary of Nursery Rhymes. Oxford: Oxford University Press, 1951, pp. 122–230, ISBN 0-19-869111-4.

Tags:

JulJulesong

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Kenth EldebrinkNSDAPWattensIndiaPeter GabrielEritreaKommunevåpen i NoregDet amerikanske flaggetPortugisiskStatsreligionHindugudarGonzález IslandEarl ScruggsSosialdarwinismeNoregKardítsaSoparGrodagenWikiKallesignalDiezeIvar AasenNasjonalbiblioteketNederlandAkhelóos i KardítsaFascismeAlmyrósKarsten WarholmGustav ValsvikEllen DeGeneresHarald V av NoregHardingdialektPolenJolene av Dolly PartonPindéosDet engelske herrelandslaget i fotballSionistCowboy-LailaNynorskNautisk milNato-alfabetetWienerklassisismenAnders AuklandMahatma GandhiKommuneNasjonaldyrNormert talemålAbugidaDet britiske riksvåpenetPOSIXTausRio de JaneiroTuonelaKirkeristenRoger KjendalenDas KapitalByar i OmanBaronIngrid Alexandra av NoregOrVerkstadMauritania23. aprilIsaac NewtonAspropótamos i TríkalaKjemisk formelThe Times of IndiaEØSRundeElektronikkAsker kommuneKognitivismeBjørkefinkDet internasjonale fonetiske alfabetetTelemark fylke🡆 More