Roud Folk Song Index
Roud Folk Song Indeks er ein database med kring 250 000 referansar til nesten 25 000 songar som vert inn samla frå munnleg tradisjon innan den engelsktalande verda.
Roud Folk Song Indeks er ein database med kring 250 000 referansar til nesten 25 000 songar som vert inn samla frå munnleg tradisjon innan den engelsktalande verda. Han er kompilert av Steve Roud, ein tidlegare bibliotekar frå Croydon i London.[1]

Rouds indeks er ein kombinasjon av trykte kjelder frå før 1900 og dessutan ei mengd lydopptak. Databasen inneheld òg alle kjelder som blei nytta av Francis James Child (The English and Scottish Popular Ballads) og inneheld opptak frå 1900 til 1975. Fram til byrjinga av 2006 var databasen tilgjengeleg gjennom eit abonnement på CD-plater, men no er han tilgjengeleg på internett.[2][3]
Formål
Hovudformålet med databasen er å nytta han som forskingshjelp som korrelerer versjonar av tradisjonelle engelskspråklege folkesongtekster. Desse er blitt dokumenterte dei siste hundreåra av fleire ulike personar i Storbritannia og Nord-Amerika. Det er mogleg å søkja i databasen, til dømes etter tittel, førstelinje eller temaet (eller ein kombinasjon) for å finna ein særskild versjon av ein viss song.
Databasen er erkjend som eit "signifikant indeks" av English Folk Dance and Song Society[4] og var ein av de første artiklane som blei publisert på nettstaden av Vaughan Williams Memorial Library i 2006.
Kjelder
- ↑ «Library and archive». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- ↑ «Search and browse tips». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16 september 2019.
- ↑ «The Vaughan Williams Memorial Library». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- ↑ «The English Folk Dance and Song Society». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Roud Folk Song Index» frå Wiki på svensk, den 21. november 2020.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- ‘I’ve got to stop somewhere!’ How Steve Roud compiled his epic folk song archive. Intervju og omtalet i The Guardian.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Roud Folk Song Index, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Bretonsk: Roud Folk Song Index - Wiki Brezhoneg
- Katalansk: Roud Folk Song Index - Wiki Català
- Dansk: Roud Folk Song Index - Wiki Dansk
- Tysk: Roud Folk Song Index - Wiki Deutsch
- Engelsk: Roud Folk Song Index - Wiki English
- Fransk: Roud Folk Song Index - Wiki Français
- Italiensk: Roud Folk Song Index - Wiki Italiano
- Japansk: ラウド・フォークソング・インデックス - Wiki 日本語
- Portugisisk: Roud Folk Song Index - Wiki Português
- Russisk: Индекс народных песен Рауда - Wiki русский
- Svensk: Roud Folk Song Index - Wiki Svenska