Saltgruva i Wieliczka (polsk Kopalnia soli Wieliczka) ligg under byen Wieliczka i det sørlege Polen.
Ho har vore i drift sidan 1200-talet og er ei av verdas eldste saltgruver i kontinuerleg drift.
Saltgruva i Wieliczka | |||
gruve | |||
Heile Kingakapellet i saltgruva er hogd ut or salt. | |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Del av | Wieliczka and Bochnia Royal Salt Mines | ||
Saltgruva i Wieliczka 49°58′59″N 20°03′20″E / 49.983053°N 20.055655°E | |||
Wiki Commons: Wieliczka salt mine | |||
Gjennom meir enn sju hundre år har gruvearbeidarar hogd ut 2 040 underjordiske kammer i saltgruva. Gruva er delt i ni nivå, som strekker seg heilt til 327 meter under bakkenivå. Kubaturen til dette underjordiske landskapet er på omtrent 7,5 millionar kubikkmeter. Den samla lengda av gangar er over 300 kilometer, to kilometer er opne for turistar. Gruva har ein lang tradisjon med turisme. Årleg besøker om lag 1,2 millionar menneske gruva.
I 1978 vart saltgruva i Wieliczka eitt av dei tolv fyrste objekta som vart valde til å stå på UNESCO si verdsarvliste.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Saltgruva i Wieliczka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.