Rakkestad Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Rakkestad i Østfold.
Rakkestad IF vart stifta 11. november 1914. Idrettslaget er aktivt med i fotball, handball, innebandy, skøyter og turn. Tidlegare var også friidrett ein lagsaktivitet.
Laga til Rakkestad IF spelar i lyseblått og med kvite bukser.
Skøyteløparen Sigrid Sundby var den fremste utøvaren til Rakkestad IF. I 1960-åra hadde laget friidrettsutøvarar som hevda seg nasjonalt, mellom dei Mikael Schie, Arild Bredholt og Ivar Bredholt.
I 1961 arrangerte Rakkestad IF noregsmeisterskapen i skøyter for kvinner.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rakkestad Idrettsforening, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.