Rabigh (arabisk رابغ) er ein eldgammal by på vestkysten av Saudi-Arabia, langs Raudehavet i Mekka-regionen.
Han vart kalla al-Johfa eller al-Juhfah fram til starten av 1600-talet. I somme gamle soger vart byen heilt øydelagd av havet, og vart så bygd opp att på ny under namnet «Rabigh».
Miqat al-Juhfah | |||
al-Juhfah | |||
by | |||
Masjid Miqat al-Juhfah i Wadi Rabigh i Saudi-Arabia | |||
Kallenamn: Ein av Miqat | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Mekka-regionen | ||
Koordinatar | 22°48′N 39°02′E / 22.800°N 39.033°E | ||
Areal | 6 679 km² | ||
Folketal | 180 000 | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Rabigh 22°48′00″N 39°02′00″E / 22.8°N 39.0333°E | |||
|
Folketalet er kring 180 000 i følgje nyare folketeljingar.
Rabigh ligg på austkysten av Raudehavet og har ekstrem varme om sommaren. Tempeaturen er høg om vinteren òg. Temperaturen byrjar å stige i april og når eit maksimum mellom juli og september, ofte over 45 ºC. Luftfukta er særs høg, særleg om sommaren. Ein kan stundom få korte regnbyger på grunn av den ekstremt høge fukta.
Wadi Rabigh er ein historisk viktig wadi som ligg like innafor byen Rabigh, og strekkjer seg langs grensa til al-Madinah og Mekka-regionen i Saudi-Arabia.
Ein naturleg innsjø nær Haggag, kring 35 km inn i landet, er omgjeve av siv og får vatn frå fleire permanente ferskvasskjelder. Dette dannar ein naturleg våtmarksområde som er unikt for Tihamah nord for Jidda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rabigh, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.