Rütli (ty.
Enga blir såleis rekna som fødestaden for den eldste sveitsiske konføderasjonen mellom Uri, Schwyz og Unterwalden (Obwalden og Nidwalden). Rütli ligg nær Urnersjøen, ei av sidearmane til Vierwaldstättersjøen.
Truskapseiden vart svor i tidleg august 1291, og den sveitsiske nasjonaldagen er lagt til 1. august til minne om denne hendinga. Kvart år er det ei markering av nasjonaldagen på Rütli med tale av ein av forbundsrådsmedlemene. I 2005 hadde ein problem med at nynazistar forstyrra markeringa og talane, og sidan 2006 har ein derfor måtta registrere seg og ha gyldig billett for å oververa seremonien.
Sidan 1991 er Rütli òg startpunktet for vandrevegen «Weg der Schweiz», som vart bygd i samband med feiringa av Sveits sitt 700-årsjubileum.
Rütli er i dag offentleg eigd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rütli, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.