Kyrkjestaten

Kyrkjestaten eller Pavestaten er eit område under det verdslege herredømet til paven.

Kyrkjestaten er i dag den vesle Vatikanstaten, men riket har tidlegare vore mykje større.

Kyrkjestaten
Kyrkjestaten

Opphavleg dekte omgrepet berre den private eigedommen til kyrkja, Patrimonium Sancti Petri eller kyrkjegodset til St. Peter. Men frå 754 tok kyrkja meir tydeleg kontroll, særleg over hertugdømet Roma. På 800-talet omfatta Kyrkjestaten ein stor del av midtre Italia. På 1400-talet var Kyrkjestaten ei viktig politisk og militær makt i området. Medan paven tidlegare hadde halde til i område kontrollert av verdslege herskarar, som den tysk-romerske keisaren og den franske kongen, hadde nå paven sjølvstendig land og makt.

Det var først på 1800-talet at denne pavemakta blei truga. 1848-revolusjonen førte til at han blei avsett, og Republikken Roma utropt, men franske troppar kom raskt til og gjeninnsette pave og Kyrkjestaten.

Samlinga av Italia førte igjen til at Kyrkjestaten blei truga. Roma blei erklært som hovudstaden til den nye nasjonen i 1860. Franske troppar verna paven sin stat fram til 1870, då dei måtte dra tilbake til Frankrike for å stå imot den prøyssiske invasjonen under Bismarck. Etter ei folkeavstemming i 1870 blei Kyrkjestaten annektert av kongeriket Italia. I protest låste Paven seg inne i Lateranpalasset.

Eit konkordat mellom paven og den italienske staten i 1929 skapte ein ny, mindre Kyrkjestat som blei kalla Vatikanstaten. Denne staten fekk murane til Lateranpalasset som grense.

Tags:

PaveVatikanstaten

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KoalaProvinsar i OmanAliártos-ThespiésSt. PetersburgKnut Marius DjupvikNordfjordeidSpice GirlsDet finske riksvåpenetKyprosTelekommunikasjonDiktLeonardo da VinciT-banen i OsloBlåsjøThespiésElektronikkCubaÁjos Konstandínos i FthiótidaSkulemål i Nord-NoregLiberalHønefossMerlionVM i fotball 2006Anne RimmenAdolf HitlerØresundbruaSamvirkelagKristian IV av Danmark-NoregBodø kommuneKrigDei fem K-ane i sikhismenHarald EiaSandefjord kommuneKommunismeJohnny DeppFenresulvenSpesifikk varmekapasitetDag HammarskjöldAnatomiske retningsskildringarJaran DammannVardø kommuneDet ukrainske alfabetetZaniar MatapourRSSSkhimatáriBlåmannKompasspunktWright-brørneGåsNasjonalrettEirik BrandsdalAdministrativ inndeling i HellasGro DahleSandveCanadaAmerikakoffertPer HenriksenTasmansk djevelLeikanger kommuneNederlandElg i solnedgangPliktetikkMaud av NoregKongsberg SølvverkGange-RolvKnapstadArminianismeEmma BuntonPeter GabrielWikiListe over norske nyordPortugalSildekongeFuruDesta Marie BeederKjerringa med staven🡆 More