Linsa (lens crystallina) er ein glasklår, bikonveks lekam i auga som i lag med hornhinna bidreg til å bryte og fokusere lys over på netthinna.
Gjennom å endre form kan ho justere brennvidda i auga og tilpasse fokus på objekt med varierande avstand. Dette gir eit klårt og reelt bilete av objektet på netthinna. Denne linsejusteringa blir kalla akkommodasjon. Linsa hos menneske har i naturlege omgjevnadar ei brytingsevne på om lag 18 dioptriar, eller éin tredel av den totale brytingsevna til auga. Linsa er flatare på framsida enn på baksida.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Linsa i auga, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.