Ingrid Bolsø Berdal (fødd 2.
mars">2. mars 1980) frå Utøy i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag er ein norsk skodespelar.
Ingrid Bolsø Berdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mars 1980 (44 år) Utøy |
Yrke | skodespelar, songar, teaterskodespelar, kjendis |
Språk | norsk |
Nettstad | http://www.ingridbb.com/ |
Ingrid Bolsø Berdal på Commons |
Ho har mellomfag i musikk frå NTNU og skodespelarutdanning frå Statens teaterhøgskole i 2001–2004. Bolsø Berdal vart tilsett ved Det Norske Teatret frå 2004. Ho mottok Heddastipendet som årets debutant i 2005. Ho har ein av hovudrollene i filmen Søner (2006). På teateret hadde ho ei av hovudrollene i musicalen Hair som vart spelt hausten 2006. Bolsø Berdal har ei hovudrolle i filmen Fritt vilt. I januar 2008 var Bolsø Berdal med i stykket Yvonne på Det Norske Teatret.
Ho har vunne trøndersk meisterskap i rock med bandet Crescent Moon. I 2008 vart Bolsø Berdal kåra til årets mest sexy trønder av Adresseavisen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ingrid Bolsø Berdal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.