Henning Stensrud

Henning Stensrud (fødd 20.

august">20. august 1977) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Lørenskog. Han vann tre bronsemedaljar i noregsmeisterskap, og vart nummer fire under verdsmeisterskapen 1998 i skiflyging.

Henning Stensrud

Henning Stensrud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1977 (46 år)
Lørenskog
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1998

Karriere

Stensrud debuterte i verdscupen i desember 1996, og var med i den norske OL-troppen i 1998. Han var då med på laget som vart nummer fire i laghoppinga, dei andre var Lasse Ottesen, Roar Ljøkelsøy og Kristian Brenden. Hans beste resultat i verdscupen er to fjerdeplassar, i Engelberg og i verdsmeisterskapen i skiflyging i Oberstdorf, begge renna i sesongen 1997/98. Medaljane i skiflygings-VM gjekk til verdsmeisteren Kazuyoshi Funaki, Sven Hannawald (sølv) og Dieter Thoma (bronse). Også i 2000 og 2006 deltok Stensrud i skiflygings-VM, då med liten suksess.

Stensrud kom på bronseplass i NM 1998 i stor bakke, og i normal bakke i 2003 og 2004. I alle dei tre nemnde meisterskapa var han sjanselaus på å vinne NM-tittelen. Han var beste nordmann då han i 2001-sesongen kom han på åttandeplass i normalbakkerennet i VM i Lahti.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • 1998: Nr 4 i VM i skiflyging i Oberstdorf, og nr 23 i normalbakken i OL i Nagano
  • 2000: Nr 20 i VM i skiflyging i Vikersund
  • 2001: Nr 8 i storbakken i VM i Lahti
  • 2006: Nr 17 i VM i skiflyging i Kulm

Besteplasseringar i verdscuprenn

  • 1997: Nr 7 i Planica (skiflyging)
  • 1997/98: Nr 4 i Engelberg og Oberstdorf (skiflygings-VM)
  • 1998/99: Nr 16 i Harrachov og Planica
  • 2000: Nr 16 i Willingen
  • 2001: Nr 5 i Trondheim
  • 2002: Nr 48 i Trondheim
  • 2003: Nr 10 i Willingen
  • 2004: Nr 9 i Hakuba og Oslo
  • 2005: Nr 12 i Lahti
  • 2006: Nr 8 i Sapporo
  • 2007: Nr 10 i Klingenthal
  • 2008: Nr 15 i Planica (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

  • Ski-NM 1997: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
  • Ski-NM 1998: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • Ski-NM 1999: Nr 10 i normalbakken på Raufoss
  • 2003: Bronsemedalje i normalbakken på Lillehammer
  • 2004: Bronsemedalje i normalbakken på Bardufoss – delt med Anders Bardal
  • 2005: Nr 6 i storbakken på Lillehammer
  • 2006: Nr 7 i normalbakken i Heddal
  • 2007: Nr 4 i normalbakken i Molde
  • 2008: Nr 5 i både normalbakken og i storbakken, begge renna i Trondheim

Stensrud la opp som aktiv skihoppar i 2008. Seinare har han vore med i trenarteamet til det norske hopplandslaget.

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Henning Stensrud KarriereHenning Stensrud KjelderHenning Stensrud BakgrunnsstoffHenning Stensrud197720. augustLørenskogSkihopp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Human Rights Watch1900-taletDennis VareidePanteonØrnMonterey Pop FestivalNazismeDomenetapLufttrykkOlaf BullJani SoininenAndSolaSpiss fleinsoppDalsfjorden på SunnmøreInformasjonsmeklarFuktURLHeisWalt Disney PicturesTalordSpaniaSogn og Fjordane fylkeGirringun nasjonalparkMarie AntoinetteSjøløverRuggero LeoncavalloHussein Ahmed SalahJohan SætreElizabeth II av StorbritanniaTom Petty and the HeartbreakersMeter per sekundKatrine LundeKommunismeHákarlLinn UllmannLønnGunnhild ØyehaugHotel Union ØyePlaneten MarsNotabeneApeSomalilandLiza JaneVierslektaVindturbinBiologisk slektHomerBjørnøyaBaroniNytt på nyttNevøSexyJarle TråLunner IdrettslagFinnøyPotetEngelskKon-Tiki-ekspedisjonenMånenKosDet norske statsflaggetPHBjörn SkifsPlacozoarErik SolbakkenNettbrettGud signe maten på vårt bordHenrik ElvestadSaudi-ArabiaPannemerke i hinduismenKarmaBustadsamvirket🡆 More