Sol var den av åsynjene eller gudinnene i norrøn mytologi som førte solvogna over himmelen.
Solvogna var ei vogn med sola i. Gudinna Sol var dotter av Mundilfare. Ho var syster til guden Måne.
Solvogna vert dregen av to hestar, Arvaker og Allsvinn, som Sol stadig skundar på. Som Måne vert ho nemleg jaga av ein ulv, Skoll. Tek han henne att, vil han sluka heile sola. Det er spådd at dette vil skje ved Ragnarok. Solformørkingar vart sett på som teikn på at ulven nesten hadde fått tak i henne.
Sol vart òg kalla Sunna. Sundagen er kalla opp etter henne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gudinna Sol, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.