Goiás er ein delstat i Brasil.
Han grensar mot Tocantins i nord og med klokka mot delstatane Bahia, Minas Gerais, Mato Grosso do Sul og Mato Grosso. Han omkrinsar dessutan det meste av området til Det føderale distriktet i Brasil. Delstadshovudstaden er Goiânia.
Goiás | |||
delstat | |||
| |||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Del av | Centro-Oeste | ||
Hovudstad | Goiânia | ||
Areal | 340 086,0 km² | ||
Folketal | 6 778 772 (2017) | ||
Goiás 15°53′00″S 49°50′00″W / 15.883333333333°S 49.833333333333°W | |||
| |||
Wiki Commons: Goiás | |||
Med 7,2 millionar innbyggjarar er Goiás den 11. mest folkerike delstaten i landet. Han har den niande største økonomien blant brasilianske føderative einingar. Staten har 3,3 % av den brasilianske folkesetnaden og er ansvarleg for 2,7 % av det brasilianske BNP.
Historia til Goiás går tilbake til byrjinga av 1700-talet, med pionerar som kom frå São Paulo. Rio Vermelho-regionen var den første som vart kolonisert, der Vila Bua (seinare døypt om til Goiás) vart grunnlagd. Utviklinga og busetjinga av staten fann stad på ein meir intensivert måte, frå 1930-talet med grunnlegginga av den nye hovudstaden Goiânia, og spesielt med bygginga av Brasília på 1950-talet.
Folkesetnaden har vakse raskt, spesielt i urbane område som Goiânia. Goiás har historisk tyding ettersom han vart utforska av europearar på 1600-talet og var ein stad for gullfunn. Han vart ein delstat i 1889 og var seinare vertstad for Det føderale distriktet med hovudstaden, Brasília. Setet for den føderale regjeringa vart offisielt flytta til Brasília i 1960. Goiânia er i dag den største byen i delstaten og eit industri- og kultursenter.
I 1988 vart den nordlege delen av Goiás skilt ut for å danne delstaten Tocantins.
Goiás er prega av eit landskap av chapadões-platå med ei høgd som varierer frå 750 til 900 meter over havet. Det høgaste punktet er Pouso Alto, som når 1 676 meter i Chapada dos Veadeiros. I Emas nasjonalpark i Mineiros kommune er det mogleg å observere den typiske faunaen og floraen frå regionen. I Chapada dos Veadeiros nasjonalpark er hovudattraksjonane canyonar, dalar, stryk og fossefall. Andre attraksjonar inkluderer den historiske byen Goiás og dei varme kjeldene i Caldas Novas.
Nedbørfeltet for tre store elvesystem dekker Goiás: Paranaíba i sør, sideelvar til São Francisco-elva i aust, og Araguaia- og Tocantins-elvane i nord. Dei fleste elvene i delstaten er ikkje farbare. Regionen har eit tropisk klima med tydelege regn- og tørkesesongar, og landskapet består av skogsavanne og tropiske skogar langs elvane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Goiás, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.