Filip av Bourbon, hertug av Parma (15.
mars">15. mars 1720–18. juli 1765) var hertug av Parma frå 1748 til 1765.
Filip av Parma | |||
| |||
Hertug av Parma | |||
Regjeringstid | 1748-1756 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 15. mars 1720 | ||
Fødestad | Madrid | ||
Død | 18. juli 1765 | ||
Dødsstad | Alessandria | ||
Gravstad | Sanctuary of Santa Maria della Steccata | ||
Føregangar | Maria Teresia | ||
Etterfølgjar | Ferdinand | ||
Gift med | Louise Élisabeth of France | ||
Dynasti | huset Bourbon-Parma | ||
Far | Filip V av Spania | ||
Mor | Elisabeth Farnese | ||
Born | Princess Isabella of Parma, Ferdinando I, Duke of Parma, Maria Luisa of Parma |
Han var det fjerde barnet og den tredje sonen til Filip V av Spania og kona hans Elizabeth Farnese. Han voks opp i Madrid og som barn viste han meir interesse i musikk og kunst enn i politikk. Han var òg den 12. Conde de Chinchón Grandee av Spania første klasse med våpenskjoldet til Huset Bourbon.
Mor hans var frå familien Farnese, som hadde styrt Hertugdømet Parma, Piacenza og Guastalla i mange generasjonar. Hertugdømet vart styrt frå 1731 til 1736 av den eldre bror hans Karl, men vart byta med Austerrike for Dei to Sicilia etter den polske arvefølgjekrigen. Tolv år seinare, med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748 mista Austerrike hertugdømet, og Filip vart den nye hertugen, og grunnla slik Huset Bourbon-Parma.
Hertugdømet Parma var ruinert etter mange år med krigføring og i 1759 innsette Filip franskmannen Guillaume du Tillot som minister for å styrke økonomien att.
Filip var ein opplyst herskar. Han viste bort jesuittar frå Parma i 1768. Han stimulerte utdanning og filosofi, og trekte til seg folk som Étienne Bonnot de Condillac.
Filip døydde brått den 18. juli 1765 i Alessandria, medan han følgde dottera Maria Luisa til Spania for å gifte ho bort til Karl.
Filip gifta seg med Louise-Elisabeth de Bourbon den 25. oktober 1739. Dei fekk desse borna:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filip av Parma, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.