Fabeldyr Og Hvor De Er Å Finne

Fabeldyr og hvor de er å finne, originaltittel Fantastic Beasts and Where to Find Them, er ei bok skriven av den britiske forfattaren J.K.

Rowling">J.K. Rowling. Ho er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei av hovudpersonen Harry Potter sine skulebøker frå Galtvort. Den oppdikta forfattaren av boka er Salmander Fisle, og Albus Humlesnurr, rektor ved Galtvort, skal ha skrive føreord.

Inntektene frå salet av boka vart gjevne til Comic Relief, ein velgjerande organisasjon. Boka vart utgjeven i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad.

Boka tek for seg dei fleste magiske dyreartane som vert omtala i Harry Potter-serien, i tillegg til noko om korleis trollmenn skjuler desse for «gompane» (vanlege folk/dei umagiske). Ho inneheld òg ein tekst om tilhøvet mellom gompar og magiske dyr gjennom tidene.

Personar i boka

Salamander Fisle
Fullt namn Salmander Artemis Fido Fisle
Originalnamn Newton Scamander
Fødd 1897
Art Menneske, Trollmann.
Blodstatus Halvblods eller fullblods
Titlar Professor, Rektor.
Kjønn Mann
Hårfarge Kvit, tidlegare svart.
Hudfarge Lys
Familie Porpentina Fisle (kone), Fru Fisle (mor), Rolf Fisle (barnebarn), Fisle-familien.
Yrke Magizoologist i Magidepartementet, rektor på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom.
Galtvorthus Håsblås
Lojalitet Magidepartementet, Håsblås, Fisle-familien, Merlin-ordenen, Galtvort.

Salamander Fisle (1897-1991/1992), den fiktive forfattaren av boka, er ein kjend magizoologist i Harry Potter-serien. Fisle fekk tidleg interesse for vesen i magiverda, ettersom mora dreiv med avl av hippogriffar. Etter å ha gått på og tatt eksamen ved Galtvort, byrja han å jobbe i Magidepartementet. I 1918 skreiv Fisle den bestseljande boka Fabeldyr og hvor de er å finne og blei ein respektert magizoologist. Dette førte også til at han vart rektor på Galtvort. I privatlivet gifta han seg med Porpentina og fekk minst eit barn. På 1990-talet pensjonerte han seg og budde i Dorset. Han døyde ein gong i perioden 31. juli 1991 og 18. desember 1992.

Herpo den grimme var ein gresk svart trollmann og ormtunge, men er mest kjend for å etter mykje eksprimintering ha vert den fyrste som avla fram ein basilisk.

Filmatisering

Warner Bros. annonserte den 12. september 2013 at J.K. Rowling skulle debutere som manusforfattar i den fyrste filmen i ein planlagt filmserie basert på Fabeldyr og hvor de er å finne. Rowling har sagt at filmane som vil fokusere på livet til Salamander Fisle. Det er verken ein forgjengar eller oppfølgjar til Harry Potter-serien, men handlinga utspelar seg i same verda som i bokserien. Handlinga i den fyrste filmen skal finne stad sytti år før Potter-filmane, i 1920 i New York.

Fotnotar

Kjelder

Tags:

Fabeldyr Og Hvor De Er Å Finne Personar i bokaFabeldyr Og Hvor De Er Å Finne FilmatiseringFabeldyr Og Hvor De Er Å Finne FotnotarFabeldyr Og Hvor De Er Å Finne KjelderFabeldyr Og Hvor De Er Å FinneAlbus HumlesnurrBokGaltvortHarry PotterJ.K. RowlingStorbritannia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ByThe Daily TelegraphRave On!Maria MenaRobbie WilliamsUSAViktor OrbánDanmarkHank WilliamsGalileo GalileiHydrometerKelly ClarksonJosef StalinCharles III av StorbritanniaTula oblastNordahl Grieg videregående skoleSimpsonsThe Big BopperPlatinaOrientråkeGulSlaget ved WienAn-MagrittSaudi-ArabiaWings at the Speed of SoundErik SolbakkenKasakhstanQuestions 67 and 68Heilage onsdagTorstein FlakneStoreggarasetOrTysklandBolsjevikJens StoltenbergOtto JespersenFranskTreriksrøysaHeartbreak HotelCataloniaTsjekkoslovakiaAtomvåpen1435Joakim Harestad HaukaasIltalehtiMaud av NoregFolkerepublikken KinaFirkantfolketThe DoorsLillebjørn NilsenMoskva oblastAkupunkturHenny MoanEncyclopædia BritannicaGrafikkprosessorKnut den mektigeLandplantarBrahmaputraLydia Torsvik GieselmannPelle og Pysa PiratMidsommarDavid KnopflerGresk MakedoniaGrenadaWarszawaRovpattedyrUngarskIda FladenNéa ZíkhniRepublikkSneppålWillie NelsonHamrinsjøenGammel drøm1450Time Out of MindDet osmanske riket🡆 More