Dobbeleksponering eller dobbelteksponering er ein teknikk innan film og fotografi der to eller fleire eksponeringar blir lagt oppå kvarandre i eit bilde.
Ein kan dermed få eit bilde som er sett saman av fleire motiv eller hendingar.
Ein kan oppnå dobbeleksponering ved å eksponera ei filmrute fleire gonger, og lukka att lukkaren mellom kvar eksponering. Seinare eksponeringar kan leggja til lys og bilde på området som er mørke på den første.
Dobbeleksponering kan oppstå ved uhell, til dømes fordi ein gløymer å dra ein manuell filmrull vidare, men kan også vera eit kunstnerisk verkemiddel eller ein måte å skapa spøke- eller narrebilde på. Metoden blei brukt til å laga åndefotografi, der spøkelsesaktige figurar gjerne opptredde på portrett av levande folk, frå siste delen av 1800-talet.
Dobbeleksponering kan også brukast på film, og blei mellom anna brukt som verkemiddel i The Great Train Robbery frå 1903.
I digitalt fotografi og med bilderedigeringsprogram er det mogleg å leggja ulike bilde oppå kvarandre og gjera dei meir eller mindre gjennomsiktige. Dette kan skapa liknande resultat som dobbeleksponering. Nokre digitale kamera lèt fotografen gjera fleire eksponeringar og kombinera dei i eitt bilde i sjølve fotografiapparatet..
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dobbelteksponering, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.