Dave Pomeroy (fødd 26.
april">26. april 1956) er ein USA-amerikansk musikar, kjend som vokalist, låtskrivar og produsent frå Nashville, men mest kjend som bassist. Han har spelt elektrisk og akustisk bass for mange kjende artistar, både i studio og på scenen. Som soloartist og produsent har han gjeve ut 12 album og to DVD-ar på sitt eige selskap, Earwave Music. Han har skrive ei rekkje artiklar for magasinet Bass Player og andre musikkmagasain, og har bidrege som forfattar til ei rekkje bøker om musikkindustrien.
Dave Pomeroy | |||
Dave Pomeroy og fem av dei mange bassane sine | |||
Fødd | 26. april 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Nashville i Tennessee | ||
Aktiv | Sidan 1961 | ||
Sjanger | Country, bluegrass, rock, pop, jazz | ||
Instrument | Bassgitar, kontrabass | ||
Tilknytte artistar | Don Williams, Trisha Yearwood, Three Ring Circle | ||
Plateselskap | Earwave | ||
Verka som | Bassist, songar, låtskrivar, produsent |
I desember 2008 vart Pomeroy vald som direktør i Nashville Musicians Association, ei lokal avdeling av American Federation of Musicians (AFM) og i juni 2010 vart han òg vald inn i styret til AFM. 014, and 2017.
Som studiomusikar har Pomeroy bidrege til album av artistar som Trisha Yearwood, Emmylou Harris, Toby Keith, Neil Diamond, Billy Ray Cyrus, Tom Paxton, George Jones, Billy Joe Shaver, Shelby Lynne, Jon Randall, Brenda Lee, Gretchen Peters, Alan Jackson, Beth Nielsen Chapman, Earl Scruggs, Randy Scruggs, Duane Eddy, Allison Moorer, Steve Wariner, Asleep at the Wheel, Matraca Berg, Kathy Mattea, Larry Knechtel, Keith Whitley, Jesse Winchester og Alison Krauss.
I tillegg har Pomeroy stått på scenen med Don Williams, Steve Winwood, Willie Nelson, Garth Brooks, John Hiatt, Ricky Skaggs, Adrian Belew, Peter Frampton, Lee Ann Womack, Patty Loveless, Reeves Gabrels, Duane Eddy og mange fleire.
Under sitt eige namn:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dave Pomeroy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.