CSKA Moskva (russisk: Профессиональный футбольный клуб ЦСКА Москва) er eit idrettslag i Moskva i Russland.
Laget, som vart stifta i 1911, har i alle år vore knytt til det sovjetiske og russiske militærvesenet.
Fotballklubben CSKA har spelt i den sovjetiske og sidan i den russiske toppserien i fotball, sidan den fyrstnemnde kom i gang i 1923. Frå 1946 til 1991 vart klubben sju gongar seriemeistrar i Sovjetunionen. CSKA har sidan 2003 vunne fem russiske seriemeisterskap, det siste i 2014.
Høgdepunktet for fotballklubben CSKA Moskva er sigeren i UEFA-cupen i 2005, då det vart 3-1 over Sporting Lisboa. Finalen vart spelt på heimebana til Sporting, Estadio Jose Alvalade, og Sporting tok leiinga. Utover i andre omgang skåra CSKA tre gongar og snudde kampen. Det var fyrste gongen eit russisk lag vann ein av europacupane i fotball. Spelarar som Aleksej Berezutskij, Jurij Zjirkov, Ivica Olić, Sergej Ignasjevitsj og Chidi Odiah hadde sentrale roller i meisterlaget.
Heimebana til fotballklubben er Torpedo Eduard Streltsov som tek 13 200 tilskodarar. CSKA spelar i raude trøyer og mørkeblå bukser.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article CSKA Moskva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.