Borðoy (på dansk språk Bordø) er ei av 18 øyar som utgjer øygruppa Færøyane.
Øya er den største av dei nordlege øyane (Norðuroyar), og flatevidda er om lag 95 km2. Her ligg Færøyane sin nest største tettstad, Klaksvik, som har om lag 5000 innbyggjarar. I tillegg er det sju andre tettstadar på øya; Norðyri, Anir, Árnafjørður, Strond, Norðtoftir, Depil og Norðdepil. Det går ferje mellom Borðoy og dei andre av Færøyane fleire gonger dagleg.
Øya har fem fjell, desse er Lokki (755 m), Háfjall (647 m), Borðoyarnes (392 m), Depilsknúkur (680 m) og Hálgafelli (503 m).
Borðoy var truleg den fyrste av Færøyane som vart folkesett.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Borðoy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.