Avesta, tidlegare òg kalla Zend-Avesta, er ei samling av gammaliranske heilage skriftar innanfor trua parsisme.
Ein meiner at dei viktigaste delane av tekstane er dei heilage openberringane til profeten Zarathustra, som vart skriven ned kring år 1000 f.Kr. Dei eldste delane meiner ein er noko eldre, medan dei yngre delane er skrivne 559-330 f.Kr.
Avesta bestod opphavleg av 21 bøker, men berre ei av desse er i dag bevart i sin heilskap, Videvdad. Innhaldet i dei tapte delane er likevel delvis kjend frå anna teologisk litteratur. Dette er liturgiske tekstar som prestane framleis nyttar under gudstenestene. Videvdad inneheld mellom anna skapingssoga, ei geografisk skildring av Iran og ein del mytiske soger. Yasht-samlinga inneheld hymner til dei enkelte gudane i parsismen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Avesta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.