666 (The Apocalypse of John, 13/18) Studioalbum av Aphrodite's Child | ||
Utgjeve | Juni 1972 | |
Innspelt | Seint 1970 – tidleg 1971 (tre månader) Studio Europa-Sonor i Paris | |
Sjanger | Progressiv rock, psykedelisk rock, eksperimentell rock | |
Lengd | 77:58 | |
Selskap | Vertigo | |
Produsent | Vangelis Papathanassiou | |
Aphrodite's Child-kronologi | ||
---|---|---|
It's Five O'Clock (1969) | 666 (The Apocalypse of John, 13/18) |
666 (The Apocalypse of John, 13/18) er eit dobbeltalbum av den greske progrockgruppa Aphrodite's Child. Det kom ut i 1972 og vart i stor grad laga og produsert av Vangelis. Albumet er basert på passasjar frå Johannes' openberring i Bibelen, men både teksten og musikken er tidvis særs eksperimentell.
Det inneheld ein mindre radiohit, «The Four Horsemen» og songen «Break» vart òg gjeven ut på singel.
Tekstane til 666 vart skriven av Costas Ferris, som ikkje var med i gruppa. Musikken kombinerer psykedelisk og progressiv rock med etniske instrument, korsong, resitasjonar og bruk av elektroniske klaverinstrument. Plateselskapet Mercury Records protesterte mot lengda på dobbeltalbumet og dei musikalske eksperimenta, som sporet «∞» (uendeleg), der den greske skodespelarinna Irene Papas simulerer ein orgasme og repeterer orda «I was, I am, I am to come» over ein enkel perkusjon.
Forholdet mellom bandmedlemmane var ikkje god på denne tida, og det vart ikkje betre av den metodiske og langsame innspelingsprosessen. Det tok eit heilt år å spele inn plate på grunn av dei indre stridane.
Roussos var på veg til å starte sin eigen solokarriere, og hadde spelt inn og gjeve ut den første solosingelen sin, «We Shall Dance» (med Sideras på trommer) og det første soloalbumet sitt, On the Greek Side of My Mind, medan Vangelis spelte inn musikk for den franske fjernsynsdokumentaren L'Apocalypse des animaux i 1970 og arbeidde på ein singel med den dåverande kjærasten Vilma Ladopoulou, og spelte med Koulouris med pseudonymet «Alpha Beta».
I plateomslaget står det «Dette albumet vart spelt inn under påverknad av Sahlep.» Det er ikkje eit dopmiddel, men ganske enkelt ein varm drykk.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | |
Mojo | positiv |
Etter Roussos og Sideras alt hadde gjeve ut sine første soloalbum, gjekk Mercury med på å gje ut 666 på progrock-etiketten sin Vertigo Records, eitt år etter det var ferdig, og to år etter bandet hadde spelt inn sine delar. Singelen «Break» kom òg ut i 1972, og det same gjorde ei enkel vinylutgåve i Brasil, kalla Break.
Allmusic gav albumet nesten full pott, 4,5 av 5 stjerner, men skriv at «heile albumet kan verte for overveldande til å lytte til i ein eingong». IGN rangerte albumet på tredjeplass på lista deira over dei 25 beste progrockalbuma gjennom tidene. I Q & Mojo si spesialutgåve ‘’Pink Floyd & The Story of Prog Rock’’, hamna albumet på 40. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».
All tekst er skriven av Coastas Ferris; all musikk er komponert av Vangelis.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The System» | 0:23 |
2. | «Babylon» | 2:47 |
3. | «Loud, Loud, Loud» | 2:42 |
4. | «The Four Horsemen» | 5:53 |
5. | «The Lamb» (Instrumental) | 4:34 |
6. | «The Seventh Seal» | 1:30 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Aegian Sea» | 5:22 |
2. | «Seven Bowls» | 1:28 |
3. | «The Wakening Beast» (Instrumental) | 1:11 |
4. | «Lament» | 2:45 |
5. | «The Marching Beast» (Instrumental) | 2:00 |
6. | «The Battle of the Locusts» (Instrumental) | 0:56 |
7. | «Do It» | 1:44 |
8. | «Tribulation» (Instrumental) | 0:32 |
9. | «The Beast» | 2:26 |
10. | «Ofis» | 0:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Seven Trumpets» | 0:35 |
2. | «Altamont» | 4:33 |
3. | «The Wedding of the Lamb» (Instrumental) | 3:38 |
4. | «The Capture of the Beast» (Instrumental) | 2:17 |
5. | «∞» | 5:15 |
6. | «Hic and Nunc» | 2:55 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «All the Seats Were Occupied» | 19:21 |
2. | «Break» | 2:59 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 666 av Aphrodite's Child, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.