Jutlamannen

Jutlamannen er ein fjellformasjon i Lærdal i Sogn.

Formasjonen kan minna om eit troll med nasen i vêret, og det er knytt lokale segner til han.

Jutlamannen
Jutlamannen i Lærdal, teikning av Johannes Flintoe i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Segner

Ei segn fortel om då Olav den heilage reid gjennom Lærdal i 1023. Ho fortel at då skoen under eine foten til hesten hans losna, måtte han stiga av for å få festa skoen att. Då var det ein jutul og ei gyger oppe i lia som skratta og log. Olav vart harm og svara: «Statt de der i stokk og stein, og ver ikkje folk til mein». Både jutulen og gygra vart då til stein. «Gygra» ramla ned rundt 1800, men jutulmannen står mot himmelsynet den dag i dag. Segna finst i fleire variantar.

Ei anna segn fortel at Odin laga to svarte merke i fjellet ved Ljøsnaveiti med vognhjula sine då han skulle vitja Jutlamannen.

Bildekunst

Det mest kjende måleriet av Jutlamannen er i Fugleværelset på Slottet i Oslo, og er måla av Johannes Flintoe på 1840-talet. På det offisielle brurebiletet av kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette Marit står dei framfor veggmåleriet med Jutlamannen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jutlamannen SegnerJutlamannen BildekunstJutlamannen KjelderJutlamannen BakgrunnsstoffJutlamannenLærdalSegnSognTroll

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VossamålProfessor emeritusPierre-Simon LaplaceNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973C++RSSMiddelhavetGesimsJantelovenAfrikaNato-alfabetetDet ukrainske alfabetetNordfjordeidMetéora i TríkalaCoca-ColaTaekwondoLavaKrag-Jørgensen-rifleNordland fylkeRekonvalesensDen gamle verdaPolenPeter GabrielValdresKyprosGhanaVM i alpine greiner 2019IltalehtiSki-VM 2019SosialistHurtigrutaHlíðarfjallLike-til-likeNynorsk WikipediaTeknologiMikke MusPetter DassHarry PotterSunnmøreBuSaltNykøbing MorsRaimbaut d'OrangeLysPetter SalstenSkandinaviaSymbolFossekallFranz LisztForbrenningNorske kommuneblomarMayo ClinicTríkalaSophie EliseWikipediaRaudstrupeAlenIolkósOrganistHanumanJolene av Dolly PartonAtle HansenPeriklesFolkestyreSpedbarnSjuårskrigenLufttrykkJa, vi elsker dette landetRotteTrabzonOlivettiStrilamålAlta-Kautokeino-vassdragetZagorá-MourésiTommeKnut Marius Djupvik🡆 More