Torbjørn Yggeseth

Torbjørn Yggeseth (18.

juni">18. juni 193410. januar 2010) ) var ein norsk skihoppar, flygar og idrettsleiar frå Heggedal i Asker. Han tevla for Heggedal Idrettslag i si tid som aktiv.

Torbjørn Yggeseth
Torbjørn Yggeseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1934
Asker
Død

10. januar 2010 (75 år)

Yrke skihoppar, flygar
Torbjørn Yggeseth på Commons

Biografi

Yggeseth tok examen artium i 1953 før han gjekk inn i Forsvaret der han utdanna seg til jagarflygar på flyskule i Canada. Seinare var han pilot og testflygar i SAS, der han arbeidde til han gjekk av med pensjon i 1994.

Yggeseth vann skiflygingsrennet i Kulm i 1959, og vart same året tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' som «Årets idrettsnamn». Han vart nummer fem i hopprennet under vinter-OL 1960 i Squaw Valley. I 1963 vann Yggeseth hopprennet i Holmenkollen. Han kom på andreplass samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka både i 1962/63 og 1963/64, der han vann to av renna; i Bischofshofen i 1963 og i Oberstdorf 1963/64. Hans einaste NM-medalje var eit sølv i 1963, bak Torgeir Brandtzæg. Under Vinter-OL 1964 kom han på høvesvis 14. og 28. plass.

I 1965 kommenterte Yggeseth og Per Jorsett frå NM i hopp i Skuibakken. Yggeseth uttalte då at «selv for Engan er det ikke moro å hoppe etter Wirkola». Dette skal vere fyrste gongen dette uttrykket vart brukt.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1956: Nr 13 i Holmenkollen
  • 1958: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 6 i Holmenkollen
  • 1960: Nr 5 i OL i Squaw Valley. Nr 4 i Holmenkollen
  • 1963: Siger i Bischofshofen og i Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf. Nr 2 i den tysk-austerrikske hoppveka
  • 1963/64: Siger i Oberstdorf, nr 3 i Bischofshofen. Nr 2 i den tysk-austerrikske hoppveka

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Idrettsleiar. Ymse

Yggeseth var leiar for hoppseksjonen til Det internasjonale skiforbundet (FIS) frå 1982 til 2004. Han fekk mykje motbør då han i 2004 nekta kvinnelege hopparar å delta i skiflygingsrenn.

Yggeseth vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963, saman med Alevtina Koltsjina, Pavel Koltsjin og Astrid Sandvik. Han var æresmedlem av Det internasjonale skiforbundet, samt av Norges Skiforbund.

Notar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Torbjørn Yggeseth BiografiTorbjørn Yggeseth Idrettsleiar. YmseTorbjørn Yggeseth NotarTorbjørn Yggeseth BakgrunnsstoffTorbjørn Yggeseth10. januar18. juni19342010AskerSkihopping

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JonsokVik kommuneHarriet BackerJantelovenBoge i arkitekturenLímni PlastíraMerlionSofie MarhaugCarles PuigdemontLemmingVictoria av StorbritanniaHovudsideEØSDen gamle verdaAndHinduismenAnatomiske retningsskildringarApeYuan-dynastietGuvernement i OmanTallerkenNakenskapAkslaVerktøyet filBygdedyretReinheitsgebotAlf-Inge HålandJohann Sebastian BachAndre verdskrigenFriksjonIdrettshallByar i HellasPetter NorthugAugust den sterkeChampions LeagueMahatma GandhiSjølvstendeFrozenEyvind JohnsonKvalsafariDS «Iris» (1901)Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Første maiNazistHans Majestet Kongens GardeEngelskZinédine ZidanePeriferieininga SporadaneNormert talemålLewis CapaldiJan MayenPodsolTutrakanHjortPortugisiskHellas i antikkenKristiansund BallklubbNorske kommuneblomarØrland kommuneMayo ClinicUbehaget i kulturenØrsta kommuneKallífonoKelly ClarksonNasjonaldagWikiRSSKvaeKrøllparentesGrunnstoffliste etter atomnummerPetter SalstenKvam heradVersaillestraktatenMånen🡆 More