Latter eller lått er ein fysiologisk prosess hos menneske, kjenneteikna ved ei rad raske ut- og innpust saman med rytmiskt vekselvis spente og avslappa stemmeband, noko som til saman gjev opphav til ein karakteristisk lyd.
Latter kan utløsast av ei mengd ulike hendingar, vanlegvis etter at personen har vorte utsett for ein spøk eller noka anna form for humor, men latter kan òg oppstå av glede, lettnad, nervøsitet eller annan sinnstillstand. Latterens funksjon er usikker, men mykje tyder på at det er ein måte å signalere samhald innan grupper av individ. Liksom geisping har latter ein smittande effekt.
Latteren er individuell og varierer frå person til person. Latteren er ein spontan kroppsleg reaksjon på slikt som personen oppfattar som morosamt.
Både ordet «latter» og ordet «lått» har opphav i det norrøne ordet hlâtr. Det norrøne ordet er ei avleiing av norrønt hlæja, 'å le'.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Latter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.