John Wesley (28.
juni">28. juni 1703–2. mars 1791) var ein engelsk prest, kjend som grunnleggjar av metodismen.
John Wesley | |
George Romney: John Wesley, 1789 | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 17. juni 1703 Epworth i Lincolnshire |
Død | |
Yrke | Methodist pastor, dagbokskrivar, filosof, omsetjar, salmediktar, misjonær, prest, skribent, teolog |
Språk | tysk, engelsk, latin, gresk |
Religion | metodisme, Den anglikanske kirke |
Far | Samuel Wesley |
Mor | Susanna Wesley |
Ektefelle | Mary Vazeille |
John Wesley på Commons |
Wesley studerte i Oxford frå 1720. Han var teken opp som «fellow» ved Lincoln College i 1726 og prestevigd i 1728. Frå året etter hadde Wesley ei leiarrolle i ein krins av såkalla vakte studentar, ein krins som vart omtala med spottenamna Holy Club eller Methodists.
I 1735 reiste Wesley til Nord-Amerika som misjonær og prest for kolonistane. Etter tilbakekomsten til England opplevde han og broren Charles Wesley ei religiøst openberring. Saman med broren og George Whitefield arrangerte han friluftsmøte som samla mange tilhøyrarar og førte til ei stor vekkjing.
Frå 1740 danna John Wesley i England eit landsomfattande indremisjonsselskap, men formante tilhengarane å halde seg i den engelske statskyrkja. Ein dogmatisk dissens førte til brot med George Whitefield, etter som Wesley var motstandar av den kalvinske læra om predestinasjonen. Wesley forkynte at Guds nåde gjaldt alle.
Presteskapet sin uvilje mot metodistrørsla, saman med ein sterk separatistisk tendens i rørsla, leia til at medlemen i rørsla organiserte seg som eige kyrkjesamfunn. Wesley sjølv tok det avgjerande steget då han 1784 byrja ordinere medlemer til presteteneste. Same året fekk han godkjent metodistsamfunnet som juridisk person.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article John Wesley, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.