Idrettslaget Sparta

Idrettslaget Sparta er eit idrettslag frå Sarpsborg, stifta 23.

november 1928. Laget har i alle år vore aktivt med fotball, i perioden 1959-95 også med ishockey. Lagsfargane er blå trøyer med kvite ermar, og kvite bukser.

Fotballaget vart norsk meister i 1952 og AIF-meister i åra 1936-38. Våren 1948 tok Sparta seg til finalen i Norgesserien, der det vart tap 1-2 mot Freidig. Ishockeylaget vart norsk meister i 1984 og 1989, og seriemeister i 1984 og 1986.

Ishockeygruppa i Sparta gjekk konkurs i 1995. Eit nytt lag, som uformelt går under namnet Sparta Warriors, vart skipa same året.

Fotballaget har sidan 2000-talet hatt det formelle namnet Sparta Sarpsborg. Framfor 2008-sesongen trekte laget seg frå nivå to i seriefotballen og overlet plassen i seriesystemet til det nyskipa Sarpsborg 08. Målvakta Asbjørn Hansen og angriparen Odd Wang Sørensen er dei mest meritterte fotballspelarane i Sparta.

Kjelder

  • Store norske leksikon.

Tags:

Sarpsborg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LøveHerpes simplexvirusPéllaPåskeeggAugaTsjekkoslovakiaPermtidaKolibriarKåre ConradiTuk-tukSanskritAnkaraSneppål2024Lohengrin sjokoladeDjevelenDet britiske kongehusetNederlandKirsten Bråten Berg20. aprilÅrhusDen generelle relativitetsteorienSagaen om IsfolketMarokkoWarszawaGammel drømJoakim Harestad HaukaasIslandMelodi Grand Prix 1985Oh, Boy! av Buddy HollyGresk MakedoniaDet greske alfabetet1435New OrleansDavid CameronJoe BidenAbbaAlf CrannerPulitzerprisenKortromanIonaDaddelWiki CommonsThe BugÆrfuglAlbert Einstein1998Jakob SandeBjørnar LøbergNintendo 3DSLourdesRobbie WilliamsBravoHollandGabrielHaitiRakiaNDen industrielle revolusjonenEncyclopædia BritannicaElgantilopeGul26. marsAmazonaselvaAugestikkararSpaniaStoreggarasetPortalMånenGiant's CausewayMaud av NoregMosesIdar LindVålerenga IshockeyGentooSUVKonservatisme🡆 More