Gunnar Knudsen: Norsk politikar

Gunnar Knudsen, fullt namn Aanon Gunerius Knudsen (19.

september">19. september 18481. desember 1928) var ein norsk statsminister, skipsreiar, ingeniør og industribyggjar.

Gunnar Knudsen
Gunnar Knudsen: Norsk politikar
Fødd19. september 1848
Arendal
Død1. desember 1928 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, ingeniør
FarChristen Knudsen
BarnMargit Schiøtt
Alle verv

Knudsen vart fødd i Saltrød ved Arendal. Han tok artium i 1866, vart c. philos. i 1867 og ingeniør i 1869 ved Chalmerska Institutet i Göteborg. Knudsen utdanna seg i Kristiania (Oslo) og Sunderland 1870–71. Han var skipsreiar frå 1871, og dreiv omfattande fabrikkdrift frå 1887. Knudsen overtok godset Borgestad i 1882.

I 1891 vart Knudsen, som var venstremann, vald inn til Stortinget. I 1901 vart han minister i den svensk-norske regjeringa. Han var statsminister i to omgangar. Fyrste regjeringsperioden var frå 1908 til -10, andre regjeringsperioden var frå 1913 til -20.

Som politikar gjorde han framlegg om at staten skulle kjøpe inn fossar. Han var sentral i debatten om konsesjonslovene, og ved opprettinga av Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen NVE. I 1885 byrja Laugstol Bruk sitt elektrisitetsverk i Skien å levere straum til abonnentar. Den seinare statsministeren Gunnar Knudsen var initiativtakar til det fyrste elektrisitetsverket i Noreg. Som elektrisitetsverk vert rekna kraftverk som ikkje berre produserer straum til eige bruk, men som sel elektrisitet til abonnentar. Laugstol Bruk var eit vasskraftverk som utnytta høgdeskilnaden mellom nokre vatn i Skien. Føremålet med elektrisitetsverket var i utgangspunktet å skaffa betre og mindre brannfarleg lys i bedrifta.

Knudsen var partileiar i Venstre frå 1909 til 1927.

Sjå òg

Litteratur:

  • Fuglum, Per: Én skute - én skipper: Gunnar Knudsen som statsminister 1908-10 og 1913-20, Trondheim 1989.
  • Knudsen, Gunnar:Erindringer 1905-1925 /; bearbeidet og redigert av Harald Bache Bystrøm, Porsgrunn 1998.
  • Knudsen, Gunnar: Statsminister Gunnar Knudsens foredrag om koncessionslovene: i Kristiania handelsstands forening., Kristiania 1910.
  • Laugstol bruks elektrisitetsværk 1885-1910, 1910.
  • Nissen, Bernt A: Gunnar Knudsen, Oslo 1957.

Bakgrunnsstoff

Tags:

1. desember184819. september1928IndustriIngeniørSkipsreiarStatsminister

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SkjæltorsdagJoakim Harestad HaukaasDet nederlandske koloniriketRussisk salatRobbie WilliamsSmuglingHundre års ensomhetIslandHellasPeriferieininga PéllaOrRomskipAlbumet Money for NothingKommunevåpen i NoregFirkantfolketTysdagTorstein FlakneOle PausGet Lucky av Mark KnopflerMinar-e-PakistanHonoluluI Feed You My LoveKusymreByar i NoregKonservatismeGjærHavreIt Doesn't Matter AnymoreLāsma KaunisteVulvaGentooVM i friidrett 2023UngarskBrahmaputraKattugleHomofobiPjokken EideAugestikkararHeaven for EveryoneTime Out of MindMurmanskAn-MagrittKristian Fredrik av NoregMads HansenOslo kommuneKortromanAlzheimers sjukdomSneppålAksla1795What It Is av Mark KnopflerOtto JespersenNamnedagNynorsk WikipediaSafavidaneNato-alfabetetEnglandLøveFukuokaAbbaHákarlØystein SundePéllaBorgarkrigen i USAKokosøyaHovudsideMargrete ValdemarsdotterRaphaël Poiréew1p04Hank WilliamsJoe BidenJerusalemIALA maritime bøyesystemKnut den mektigeElgantilopeNew OrleansKanye WestRånarKilkís🡆 More