Daffy var eit internasjonalt teikneserietidsskrift som kom ut i norsk utgåve frå 1958 til 1969.
Namnet på bladet var henta frå teiknefilm- og teikneseriefiguren Daffy Duck. I teikneseriane i bladet møtte ein i tillegg til Daffy kjente figurar som Bippe Stankelbein, Elmer Midd, Pelle Pigg, Snurre Sprett, Pip og Sylvester.
Daffy var eit av fleire teikneserieblad som vart lansert med suksess på 1950-talet, då Noreg hadde lagt papirrasjonering og varemangel frå krigens dagar bak seg, og mange fekk etter kvart høve till å bruke pengar på denne typen underhaldningsblad. Tidleg på 1960-talet kom Daffy ut kvar veke, og kosta éi krone i laussal.
Bak figuren og bladet Daffy stod amerikanske Warner Bros. Den norske versjonen vart utgitt av Allers Familie-Journal. Elsa Kjelland-Mørdre var norsk redaktør. I tillegg til teikneseriene kunne den norske versjonen ofte by på konkurransar, pennevenspalte, kryssord og samlebilde av filmstjerner frå samtida.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Daffy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.