Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet.
Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspihavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grensar Asia til Afrika.
Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.
Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.
Sentralasia
Aust-AsiaØystatarSøraust-Asia | Sør-AsiaVest-Asia |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Asia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.