Rabbinar, òg skrive rabbin, rabbi, rebbi og ribbi, er ein tittel som blir bruka om jødiske lærde.
Det varierer noko mellom ulike retningar av jødedommen kva som ligg i denne tittelen — frå hebraisklærar («ribbí» eller «rebbí») blant spanske og portugisiske sefardím via religionslærar og dommar i typisk askenasisk ortodoks jødedom til forrettar i synagogen og sjelesørgjar i liberale retningar av amerikansk jødedom.
Sjølve ordet kjem frå misjnaisk hebraisk רִבִּי med uttalen [ribbī] eller [rebbī]. Ordet vart lånt inn i gresk i forma ραββι og vart spreidd med kristne biblar i forma rabbi. I nyare tid har særleg askenasisk jødedom omvokalisert det hebraiske ordet til רַבִּי [rabbī].
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rabbinar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.