Ein mikvé (hebraisk מִקְוֶה miqve eller מִקְוָה miqvā, ofte òg מקווה), fleirtal mikvót (sef.) eller mikvaót (ask.), er eit jødisk rituelt bad.
Som mikvé kan brukast alt reint og «levande vatn» — det vil seie havet, ei innsjø, eit vatn, ei elv, ein bekk eller ei stor nok samling av regnvatn. Det vanlegaste er at ein byggjer eit eige basseng for bruk som mikvé. Dette bassenget må få hovuddelen av vassmengda si direkte frå levande vatn.
Mikvót blir bruka til rituell reinsing og i samband med konvertering.
Neddykking i mikvé (for menneske) eller dypping i mikvé (for gjenstandar) blir kalla tebilá.
Kristne døypefontar har sitt historiske opphav i jødiske mikvót.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mikvé, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.