Isaac Bashevis Singer (21.
november 1902–24. juli 1991), jiddisch יצחק באַשעװיס זינגער Yitskhok Bashevis Zinger, var ein jiddischspråkleg forfattar, også kjend under pseudonymet Warshofsky.
Isaac Bashevis Singer | |||
| |||
Fødd | 14. juli 1904 Leoncin | ||
---|---|---|---|
Død | 24. juli 1991 Surfside | ||
Nasjonalitet | USA, Polen, Det russiske imperiet | ||
Yrke | omsetjar, romanforfattar, esperantist, sjølvbiograf, journalist, barnebokforfattar, skribent, manusforfattar, prosaforfatter | ||
Institusjonar | Bard College | ||
Ektefelle | Alma Wassermann | ||
Medlem | American Academy of Arts and Letters American Academy of Arts and Sciences |
Isaac Singer var truleg fødd i november 1902, sjølv om han sjølv oppgav 14. juli 1904 som fødselsdato, i Radzymin nær Warszawa i Polen. Det blir òg hevda at han ikkje blei fødd i Radzymin, men i Leoncin, 4 mil nordaust for Warszawa. Han voks opp i ein rabbinarfamilie, og budde i ungdomen i Warszawa og i den jødiske småbyen (shtetlen, jiddisch דער שטעטל der shtetl) Biłgoraj. Som den eldre broren Israel Joshua Singer byrja han tidleg å publisere journalistikk og skjønnlitterære forteljingar. I 1935 utvandra han frå Polen til USA, der han kom til å skrive for den jiddischspråklege sosialistiske New York-avisa Forverts (jiddisch פֿאָרװערטס, engelsk Forward), og publisere mange romanar og noveller. I 1978 fekk han nobelprisen i litteratur, med denne grunngivinga: «For hans intensive forteljarkunst, som med røter i ein polsk-jødisk forteljartradisjon levandegjer universelle menneskelege vilkår».
Forteljingane hans er ofte fantasifulle, med sterk draging til livet sine mysterium og mystifikasjonar. Dei er skrivne for eit publikum som kjenner til europeiske jødiske tradisjonar såvel som den jiddischkulturen som hadde sin mest fruktbare periode i byrjinga av 1900-talet, men har likevel lokka mange lesarar frå heilt andre kulturområde.
Blant dei mest kjende verka kan nemnast Satan i Goraj, ein historisk roman om hendingar kring Sabbatai Zvi, Trollmannen frå Lublin (roman) og dei sjølvbiografiske romanane Ein dag full av glede og På villspor i Amerika. Novella Jentl, om ei ung kvinna som kler seg ut som mann for å få studere, har også vorte film.
Singer skreiv så godt som berre på jiddisch, men mange av dei seinare bøkene hans vart tidleg omsette til engelsk.
Singer døydde i Surfside i utkanten av Miami i Florida i USA.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Isaac Bashevis Singer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.