Harry Potter

Harry Potter er namnet på helten i ein fantasyserie for barn og unge skriven av den britiske forfattaren Joanne Rowling mellom 1997 og 2007, og blir brukt som namn på heile serien, verda han føregår i og andre produkt knytte til han.

Serien skildrar oppveksten og eventyra til den foreldrelause trollmannseleven Harry Potter og venene hans Ronny Wiltersen og Hermine Grang, som alle er elevar ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Historia handlar hovudsakleg om Harry sitt liv på skulen og hans forsøk på å overvinne den mørke trollmannen fyrst Voldemort, som har som mål å bli udødeleg, erobre trollmannsverda, undertvinge ikkje-magiske folk («gompar») og øydeleggje alle som står i vegen for han.

Harry Potter
Harry Potter-logoen.
Harry Potter
Britiske Harry Potter-bøker. Frå venstre til høgre: Halvblodsprinsen (bok nr. 6), Dødstalismanene (7), De vises stein (1), Mysteriekammeret (2), Fangen fra Azkaban (3), Ildbegeret (4) og Føniksordenen (5).
Harry Potter
Tyrkiske Harry Potter-bøker.

Serien har sett fleire salsrekordar. I juni 2011 var talet på selde eksemplar av bøker i serien rundt 450 millionar, noko som gjorde han til den mestseljande serien i historia. Dei fire siste bøkene sette kvar rekord som dei raskast selde bøkene i historia. Bøkene er blitt omsett til 67 språk, til norsk av Torstein Bugge Høverstad.

Bokserien blei filmatisert av Warner Bros. delvis parallelt med bokutgjevingane, frå 2001 til 2011. Dei har blitt ein av dei største filmseriane gjennom tidene og Harry Potter merkevare er verdt i overkant av 15 milliardar US-dollar. Det er også laga fleire Harry Potter-spel, utstyr, figurar og attraksjonar.

Handling

Harry Potter-bøkene handlar om ein gut med namnet Harry Potter som finn ut at han er ein trollmann den sommaren han fyller elleve. Han byrjar på Galtvort, ein skule for unge hekser og trollmenn. Der han skal gå i sju år, og lære korleis han kan utøve magi på ein forsvarleg og lovleg måte. Kvar bok handlar om eit år i livet til Harry. Undervegs i bøkene finn Harry ut meir og meir om sin eigen bakgrunn, og om kvifor han er ein veldig spesiell gut. For sjølv i trollmannsverda er Harry berømt. Dei kallar han alle «guten som overlevde».

Tema

Ifølgje J.K. Rowling er eit av hovudtemaa i serien død:

    «Bøkene mine handlar mykje om dauden. Dei startar med dauden til Harrys foreldre, det er Voldemorts mål om å overvinne dauden og søker etter udødelegdom for kva som helst, noko som er målet for mange med magi. Så eg forstår kvifor Voldemort ynskjer å overvinne dauden. Me er alle redd for den.»

Akademikarar og journalistar har utvikla mange andre tolkingar av temaa i bøkene, nokon meir komplekse enn andre, og nokon som inkluderer politiske tema. Tema som normalitet, undertrykking, overleving og å overvinne mot alle odds har alle blitt betrakta som utbreitt i heile serien. Tilsvarande tema som ungdomsåra og å «kome over sine mest grufulle opplevingar - og så kome overens med dei» har også blitt nemnd. Rowling har uttalt at bøkene inneheld «eit langvarig argument for toleranse, ei langvarig bønn om ein slutt på fordommar» og som også formidlar ein bodskap om «å stille spørsmål ved myndigheit og ... ikkje anta at makta eller pressa fortel deg heile sanninga».

Medan bøkene kan seiast å omfatte mange andre tema, til dømes makt og maktmisbruk, kjærleik, fordommar og fri vilje, er dei, som Rowling seier, «djupt fastlåst i heile handlinga». Forfattaren føretrekker å la temaa ha si «eiga utvikling», heller enn å sitte ned og bevisst forsøke å formidle slike idear til lesarane sine. Langs dei same linjene er det alltid tilstedeverande temaet puberteten, der Rowling si skildring har vore målretta i å anerkjenne karakterane hennar seksualitetar og ikkje forlate Harry som «evig barn». Rowling sa at for henne, syntest den moralske tydinga å vere «blendande openberr». Nøkkelen for henne var valet mellom kva som er rett og kva som er enkelt, «fordi det ... er slik tyranniet blir starta - med folk som er likegyldige og tar den enkle vegen og plutseleg finn seg att i store problem».

Bøker

  1. Harry Potter og De vises stein (Originaltittel: Harry Potter and the Philosopher's Stone) (Harry Potter and the Sorcerer's Stone i USA)
    • Tida historia er lagt til: 1981, 1991 til 1992
    • Lansering: 26. juni 1997 (UK); 1. september 1998 (USA); 1999 (Noreg)
  2. Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets)
    • Tida historia er lagt til: 1943, 1992 til 1993
    • Lansering: 2. juli 1998 (UK); 2. juni 1999 (USA); 2000 (Noreg)
  3. Harry Potter og fangen fra Azkaban (Harry Potter and the Prisoner of Azkaban)
    • Tida historia er lagt til: 1993 til 1994
    • Lansering: 8. juli 1999 (UK); 8. september 1999 (USA); 2000 (Noreg)
  4. Harry Potter og ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire)
    • Tida historia er lagt til: 1944, 1994 til 1995
    • Lansering: 8. juli 2000 (UK/USA); 2001 (Noreg)
  5. Harry Potter og Føniksordenen (Harry Potter and the Order of the Phoenix)
    • Tida historia er lagt til: 1976, 1995 til 1996
    • Lansering: 2003 (over heile verda)
  6. Harry Potter og Halvblodsprinsen (Harry Potter and the Half-Blood Prince)
  7. Harry Potter og dødstalismanene (Harry Potter and the Deathly Hallows)
    • Tida historia er lagt til: 1997 til 1998, (2017)
    • Lansering: 21. juli 2007 (engelsk utgåve, over heile verda)

Dei fyrste store utgjevarane av bøkene var Bloomsbury i Storbritannia og Scholastic Press i USA.

Bøkene blei så populære at bokhandlarar over heile verda heldt samtidige «lanseringsfestar» den dagen då Harry Potter-bøkene blei utgjevne. Det tidlegaste ein kunne selja bøkene var eitt minutt over midnatt GMT (Greenwich Mean Time).

Harry Potter-bøkene er omsett til fleire språk. På engelsk finst det ein tilpassa amerikanske versjon av bøkene. Dei norske versjonane er omsett av Torstein Bugge Høverstad.

Utdjupande bøker

Dette er bøker J.K.Rowling har skrive, som utdjupar element ein finn i bøkene om Harry Potter. Desse er av den grunn ikkje ein del av den eigentlege bokserien.

Alle årstal er for britiske utgjevingar.

Filmar

Harry Potter 
Daniel Radcliffe, som spelar Harry Potter.
Harry Potter 
Lokomotivet brukt til Galtvort-ekspressen i filmane.

Alle dei sju bøkene er blitt filmatiserte av Warner Bros., men i åtte filmar, grunna at den siste boka, Harry Potter og dødstalismanene er delt inn i to filmar.

Opphav og publiseringshistorie

Harry Potter 
Forfattaren J.K. Rowling.
Harry Potter 
«The Elephant House», kaféen J.K. Rowling skreiv fyrste del av Harry Potter i.

J.K. Rowling var på ei folksam togreise frå Manchester til London i 1990 då ideen om Harry plutseleg «fall inn hovudet hennar». På nettsida si sa ho;

«Eg hadde skrive nesten kontinuerleg sidan eg var seks år, men hadde aldri vore så oppglødd over ein idé før. Eg sat berre og tenkte, i fire (forsinka tog) timar, og alle detaljane bobla opp i hjernen min, og denne spinkle, svarthåra, guten med briller som ikkje visste at han var ein trollmann blei meir og meir verkeleg for meg.»

Rowling skreiv Harry Potter og de vises stein ferdig i 1995 og manuskriptet var sendt ut til fleire moglege agentar. Den andre agenten ho prøvde, Christopher Little, tilbaud seg å representere henne og sendte manuskriptet til Bloomsbury. Etter at åtte andre utgivarar hadde avvist De vises stein, tilbaud Bloomsbury Rowling 2 500 britiske pund for å gi ut boka. Rowling sa at ho ikkje hadde tenkt på noko spesiell aldersgruppe då ho byrja å skrive Harry Potter-bøkene, men utgivarane retta dei i utgangspunkt til born i alderen 9-11. Like før publisering spurde utgivarane Rowling om å ta i bruk eit meir kjønnsnøytralt pseudonym. Dei frykta at mannlege medlemmar av denne aldersgruppa ikkje ville vere interessert i å lese ein roman som dei visste var blitt skriven av ei kvinne. Ho brukte bestemora sitt namn som mellomnamn ettersom ho ikkje hadde noko mellomnamn sjølv, slik at forfattarnamnet blei J.K. Rowling (Joanne Kathleen Rowling).

Harry Potter og De vises stein (Harry Potter and the philosophers stone) blei publisert av Bloomsbury, utgivaren av alle Harry Potter-bøkene i Storbritannia, den 30. juni 1997. Den blei gjeven ut i USA den 1. september 1998 av Scholastic som Harry Potter and the soceres stone, etter at Rowling hadde fått 105 000 US-dollar for dei amerikanske rettighetane til boka. Dette var ein stor sum for ei barnebok av ein då ukjend forfattar. Scholastic frykta for at amerikanske lesarar ikkje ville assosiere ordet «Philosopher» ('filosof') med eit magisk tema, så dei insisterte på at boken skulle ha tittelen Harry Potter and the sorcerer's stone på den amerikanske marknaden.

Den andre boka, Harry Potter og Mysteriekammeret blei opphavleg publisert i Storbritannia 2. juli 1998 og i USA på 2. juni 1999. Harry Potter og fangen fra Azkaban blei deretter gitt ut eit år seinare i Storbritannia på 8 juli 1999 og i USA den 8. september 1999. Harry Potter og ildbegeret kom ut 8. juli 2000 på same tid frå Bloomsbury og Scholastic. Harry Potter og Føniksordenen er den lengste boka i serien på 766 sider i den britiske versjonen og 870 sider i den amerikanske versjonen. Den blei publisert over hele verden på engelsk den 21. juni 2003. Harry Potter og Halvblodsprinsen blei publisert 16. juli 2005, og selte 9 million eksemplar dei 24 fyrste timane i sin verdsomspennande utgiving. Den sjuande og siste romanen, [[Harry Potter og Dødstalismanane, blei gjeven ut 21. juli 2007. Boka selte 11 million eksemplar det fyrste døgnet etter lanseringa, 2,7 million eksemplar i Storbritannia og 8,3 million i USA.

Omsetjing

Serien er omsett til 67 språk, noko som gjer Rowling blant dei mest omsette forfattarane nokon gong. Bøkene er blitt omsett til ulike språk som aserbajdsjansk, ukrainsk, arabisk, urdu, hindi, bengali, walisisk, afrikaans, albansk, latvisk og vietnamesisk. Den fyrste boka er omsett til latin og til og med gamalgresk, noko som gjer det til det lengste publiserte arbeid på gamalgresk sidan romanane av Heliodorus av Emesa frå år 300.

Nokre av omsetjarane som var tilsett for å jobbe på bøkene var kjende forfattarar før arbeidet med Harry Potter, som Viktor Golyshev, som overvaka den russiske omsetjinga av seriens femte bok. Den tyrkiske omsetjinga av bok to til sju blei gjort av Sevin Okyay, ein populær litterær kritikar og kulturkommentator. Grunna hemmeleghald, kunne omsetjinga berre starte når bøkene var blitt gjevne ut på engelsk. Dermed var det eit etterslep på fleire månader før omsetjingane vert tilgjengelege. Dette har ført til at fleire og fleire eksemplar av den engelske utgåva vert selt til utålmodige fans i ikkje-engelsktalande land. Så mange ville lese den femte boka at den engelskspråklege utgåva blei den første engelskspråklege boka nokon gong til å toppe bestseljarlista i Frankrike.

USA-amerikanske utgåver av Harry Potter har kravd tilpassing av tekstar til amerikansk engelsk, ettersom ein rekna med at mange ord og omgrep brukte av karakterane i romanane kanskje ikkje ville bli like godt forstått av eit ungt amerikansk publikum.

Fullføring av serien

Harry Potter 
Folk står i kø for å kjøpe bok sju.

I desember 2005 sa Rowling på heimesida si at «eg kjem til å skrive den siste Harry Potter-boka i 2006.» Fleire oppdateringar kom deretter i den direktekopla dagboka hennar som skildra framgangen til Harry Potter og Dødstalismanene , med utgivingsdato 21. juli 2007. Sjølve boka var ferdig 11. januar 2007 på Balmoral Hotel i Edinburgh, der ho skribla ein melding på baksida av ein byste av Hermes. Meldinga sa: «J.K. Rowling skreiv ferdig Harry Potter og Dødstalismanene i dette rommet (552) den 11. januar 2007».

Rowling har sjølv uttalt at det siste kapittelet i den siste boka (faktisk epilogen) blei fullført «rundt 1990». I juni 2006 sa Rowling på ein opptreden på det britiske talkshowet Richard & Judy at kapitlet hadde blitt endra ettersom ein karakter «fekk ei utsetting» og to andre som tidlegare hadde overlevd historia hadde blitt drepne. 28. mars 2007 blei omslaget for Bloomsbury sine vaksen- og barneversjonar og Scholastic si versjon lansert.

Attraksjonar

Det er utvikla eit stort moroparkområde knytt til Harry Potter i Universal Orlando Resort i Florida i USA, The Wizarding World of Harry Potter. Warner Bros. Studios i Leavesden i London i England held studioturar knytte til Harry Potter-setta sine. På Kings Cross stasjon i London er det sett opp ei halv baggasjetralle ved «Platform 9¾», perrongen Galtvort-ekspressen dreg frå i bøkene.

Bakgrunnsstoff

Harry Potter  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Harry Potter

Norske sider

Internasjonale sider

Offisielle

Uoffisielle

Litteratur

  • Beahm, George W. Muggles and Magic: An Unofficial Guide to J.K. Rowling and the Harry Potter Phenomenon.
  • Bürvenich, Paul. Der Zauber des Harry Potter: Analyse eines literarischen Welterfolgs. Peter Lang Verlag, 2001.
  • Chippendale, Lisa A. Triumph of the Imagination: The Story of J.K. Rowling. 2002, 2003.
  • Fraser, Lindsey. Conversations with J.K. Rowling. Arthur A. Levine Books, 2001.
  • J.K. Rowling's Harry Potter Novels: A Reader's Guide. Continuum International Publishing Group, 2001.
  • Lawrence, Daniel. The Ultimate Unofficial Harry Potter Trivia Book: Secrets, Mysteries and Fun Facts Including Half-Blood Prince Book 6.
  • Rowling, J.K. Fabeldyr og hvor de er å finne. Sagebrush, 2001.
  • Rumpeldunk gjennom tidene. Sagebrush, 2001.
  • Shapiro, Marc. J.K. Rowling: The Wizard Behind Harry Potter. St. Martin's Press, 2000.
  • Smith, Sean. J.K. Rowling: A Biography. Michael O'Mara Books, 1999.
  • Ultimate Unofficial Guide to the Mysteries of Harry Potter (Analysis of Books 1-4). No location: Wizarding Press, 2003.

Kjelder

Fotnotar

Wiki på engelsk oppgav desse kjeldene:

Tags:

Harry Potter HandlingHarry Potter TemaHarry Potter BøkerHarry Potter FilmarHarry Potter Opphav og publiseringshistorieHarry Potter AttraksjonarHarry Potter BakgrunnsstoffHarry Potter KjelderHarry Potter FotnotarHarry PotterFantasyFiguren Harry PotterFyrst VoldemortGaltvort høyere skole for hekseri og trolldomHeltHermine GrangJ.K. RowlingRonny WiltersenTrollmann

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Fylkesveg 751MS-DOSInnsjøar i SverigeVM i friidrett 2022Alpin tundraPiknikkorgTaekwondoSamarTeineGeorg Wilhelm Friedrich HegelRombeSilkehegreAsker kommuneHannoverGitarforsterkarTilsynelatande storleiksklasseWikibooksHydrogenStore norske leksikonDu FuFilmen Elling800UsbekistanØrnHarry PotterXanthippeHenry David ThoreauPetter NorthugCanadaNord-AmerikaSilvestre y La NaranjaTriasQueenSophie EliseSåmaskinGåsSunndalsøraStar WarsMogopByar i HellasNorske bilandHenning SolbergSunnhordlandsdialektKristiansund BallklubbLundefuglJohann Sebastian BachRaudekrossenDei sameinte arabiske emirataLuganoHundFriksjonFree Fallin'Kanye WestKopplamJens StoltenbergFilmserien Harry PotterCarl LarssonRusslandForelskingNoregLinerleKapitalismeNykøbing MorsAlaskaTenaza PeakBiologisk familieROBEKTongaPesahGammeBjörn SkifsTuvinskSigmaWilliam OrpenMicrosoft Windows🡆 More