Umesamisk: Samisk språk

Umesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien.

Dei få talarane som er att bur i Sverige. Tidlegare vart det snakka også på norsk side. Umesamisk dannar i lag med sørsamisk den sørlege greina av dei samiske språka, desse to utgjer «sørsamisk i vidare forstand».

Umesamisk
Klassifisering uralsk
 finsk-ugrisk
  samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Västerbotten
Umesamisktalande i alt Ca. 10
Skriftsystem Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3 sju
Glottolog umes1235
Umesamisk: Grammatikk, Alfabet, Ytre språkhistorie
Tospråkleg svensk/umesamisk skilt i Arvidsjaur.

Grammatikk

Umesamisk har mindre stadieveksling enn dei nordlegare samiske språka. Derimot har umesamisk, saman med pitesamisk, det same omlydsfenomenet som det sørsamisk har. Det umesamiske negasjonsverbet blir bøygd i tempus.

Alfabet

Det umesamiske alfabetet slik det står i ordboka til Henrik Barruk er, i rekkjefylgje, a, á, b, d, đ, e, f, g, h, i, ï, j, k, l, m, n, ŋ, o, p, r, s, t, ŧ, u, ü, v, y, å, ä, ö.

Ytre språkhistorie

Umesamisk var det samiske språket som først vart skriftfesta, all litteratur skrive på samisk på 1600-talet vart skrive på umesamisk. I 1738 publiserte den svenske presten Per Fjellström i Lycksele ei skildring av umesamisk grammatikk (Grammatica Lapponica) og ein svensk-umesamisk ordbok (Sueco-Lapponicum). Det nye testamentet kom på umesamisk i 1755, og den første samiske bibelen, frå 1811, var også på umesamisk Tat Ajles Tjalog (Den Heilage Skrift). Dette gjev umesamisk ein sentral posisjon i samisk språkhistorie.

Dei umesamiske områda låg mot sør og aust i svensk Sápmi, og var blant dei første som vart forsvenska under svensk ekspansjon nordover frå og med mellomalderen. Det tidlege skriftspråket vart dermed ikkje lenger brukt i publikasjonar frå attenhundretalet og framover. Etter dette gjekk det lang tid før umesamisk fekk eit offisielt skriftspråk.

I 1999 foreslo det svenske sametinget eit offisielt umesamisk skriftspråk. Forslaget vart den 28. januar 2000 lagt fram for SN.

Ein uoffisiell umesamisk ortografi vart lenge teke i bruk lokalt i Sverige, mellom dei av kommunane Umeå og Lycksele. Den 27. april 2010 vart denne ortografien godkjent av den samiske språknemnda Sámi giellalávdegoddi på eit møte i Karasjok. Den 26. februar 2014 vart han òg godkjent av Sametingets språknemnd i Umeå, og umesamisk vart dermed eit offisielt språk.. I praksis publiserer både dei sentrale styresmaktene og Sametinget likevel berre på tre samiske skriftspråk (sør-, lule- og nordsamisk).

Revitalisering

Etter Salminen 2007, som også Ethnologue siterer, er det berre ein handfull eldre som snakkar umesamisk. Det er likevel revitaliseringsarbeid undervegs.

I 2008 vart den svenske språklæraren Henrik Barruk frå Storuman tildelt den nordiske språkprisen Gollegiella for arbeidet med å verne det umesamiske språket som eit levande språk.*Pulk, Åse (2008). Den samiske språkprisen Gollegiella går til Utsjok sameforening og en svensk lærer i umesamisk. NRK Sámi Radio, 12. november 2008.  I Malå har det sidan 2001 vore undervist i sørsamisk, og sidan 2010 i umesamisk.

Musikkstudenten Katarine Barruk frå Storuman vart i 2012 utnemnd til «årets unge kunstnar» på festivalen Riddu Riđđu, etter å ha framført songane sine på umesamisk.

Hausten 2014 vert det byrja med ei lærarutdanning i umesamisk ved Umeå Universitet. Målet er å ha ferdigutdanna tre lærarar frå og med hausten 2016.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bibliografi

Litteratur

Vitskaplege artiklar

  • Larsson, Lars-Gunnar 2012: Grenzen und Gruppierungen im Umesamischen. 198 s. Wiesbaden: Harrassowitz Verlag. (Veröffentlichungen der Societas Uralo-Altaica 83.) ISBN 978-3-447-06816-7.
  • Salminen, Tapani 2007: Endangered languages in Europe. I: Matthias Brenzinger (red.) Language diversity endangered Trends in Linguistics: Studies and Monographs 181; Berlin & New York: Mouton de Gruyter. 205–232.
  • Siegl, Florian 2017 "Ume Saami : The forgotten language" i: Études finno-ougriennes 48. DOI 10.4000/efo.7106
  • Siegl, Florian 2017 "Tryggve Sköld och umesamiskan : intryck från en oavslutad språkdokumentation" i: Norsk Lingvistisk Tidsskrift 35. 252–290

Ordbøker

  • Barruk, Henrik 2018: Báhkuogirjjie. Ordbok. Ubmejesámien–dáruon | Dáruon–ubmejesámien. Umesamisk–svensk | Svensk–umesamisk.
  • Schlachter, Wolfgang 1958: Lexica Societatis Fenno-Ugricae XIV. 1958. XIX + 294 p. Wolfgang Schlachter, Wörterbuch des Waldlappendialektes von Malå und Texte zur Ethnographie.
Umesamisk: Grammatikk, Alfabet, Ytre språkhistorie  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Umesamisk GrammatikkUmesamisk AlfabetUmesamisk Ytre språkhistorieUmesamisk RevitaliseringUmesamisk KjelderUmesamisk BakgrunnsstoffUmesamiskSamiske språkSverigeSørsamisk språkUralske språk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Silje NordnesHelena Bonham CarterStillehavetKredittkortTranebærISBNChristianiaCarl LarssonEkstremvêret KristinIltalehtiCubaBook of KellsUbehaget i kulturenMediaWikiArs Moriendi, eller De syv dødsmåterStilarkAsker TurlagAmfípoliRubjerg Knude FyrPippi LangstrømpeMelodi Grand Prix 2024Fleetwood MacAsbjørnsen og MoeTokyoFrankrikeAndPromakhónasInformasjonskapselOlivia RodrigoNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973KjempeviseslåttenFader vårSola kommuneGina GogeanFacebookÆrfuglAndre pinsedagAsle Madssen StrandPellucid marginal degenerasjonEuropeisk ålJordbruksrevolusjonenOttomanMalignitetProfil-opprøretCascadaHyseTrepunktsopphengTroms fylkeSædgåsKari Werner ØfstiAtenUkrainaDen siste istidaCarles PuigdemontROBEKDen julianske kalenderenIndonesiaKolmuleSol InvictusOperasjon BarbarossaDurraHalloVåren av Aasmund Olavsson VinjePiscoElon MuskErik AndersenVerdipapirKvargKalkulusLise AmundsenCristiano RonaldoJesusGåsNazistOppland fylkeAstrid LindgrenPronomen🡆 More