Filmserien Harry Potter

Harry Potter er ein britisk-amerikansk filmserie basert på dei sju bøkene om Harry Potter skrivne av J.K.

Rowling. Serien er distribuert av Warner Bros. og består av åtte fantasy-filmar som byrjar med Harry Potter og de vises stein (2001) og endar med Harry Potter og Dødstalismanene del 2 (2011). Serien er den mest innbringande filmserien nokon gong i inflasjons-ujusterte dollar, med 7,7 milliardar dollar i heile verda. Kvar av filmane er i dei 35 høgaste innteninga nokon gong.

Filmserien Harry Potter
Den kjende Harry Potter-logoen som blir brukt i alle filmane.
Filmserien Harry Potter
Daniel Radcliffe spelte hovudrolla i Harry Potter-filmane. Her ved premieren til Harry Potter and The Deathly Hallows i 2010.
Filmserien Harry Potter
Harry Potter-filmutstilling i London.

Filmane handlar om Harry Potter som på elleveårsdagen sin finn ut at han er trollmann. Han reiser til trollmannskulen Galtvort for å få opplæring i trolldomskunst. Der forstår han at andre i trollmannsverda skjønar kven han er når dei ser arret hans. Det fekk han av den vonde trollmannen Fyrst Voldemort då han var spedbarn. Etterkvart finn Harry ut meir om fortida si, møter på mange utfordringar og må prøve å overvinne Voldemort. Serien blei produsert av David Heyman med skodespelarane Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Emma Watson i hovudrollene som Harry Potter, Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Fire regissørar jobba på serien: Chris Columbus, Alfonso Cuarón, Mike Newell og David Yates. Filmmusikken blei hovudsakleg skriven av John Williams, Patrick Doyle, Nicholas Hooper og Alexandre Desplat.

Mykje av filminga fann stad i Warner Bros. Studios, Leavesden i Hertfordshire i England, som i 2012 opna guida turar for skodelystne. Nokre scener blei spelte inn på ulike stader i Storbritannia, som King's Cross stasjon i London, Glenfinnan i Skottland, Alnwick Castle, domkyrkja i Durham og domkyrkja i Gloucester. Moher-klippene på Irland var den einaste staden utanfor Storbritannia som blei bruka.

Harry Potter og Dødstalismanene, den sjuande og siste romanen i serien, er delt inn i to delar. Del 1 blei gitt ut i november 2010 og del 2 kom 15. juli 2011. Ein spin off-serie i J. K. Rowling's Wizarding World, sett i tida før Harry Potter-soga finn stad, byrja med Fantastic Beasts and Where to Find Them (2016).

Filmar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Filmserien Harry Potter  Commons har multimedium som gjeld: Filmserien Harry Potter
Filmserien Harry Potter  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Fantasy-filmFilmane om Harry Potter og DødstalismaneneFilmen Harry Potter og de vises steinHarry PotterJ.K. RowlingStorbritanniaUSAWarner Bros.

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MGro Harlem BrundtlandArturAtle PettersenFagottHarald Eia1334Ragnhild BrochmannMusikkgruppa GTRGene Krupa1902 ShaposhnikovMary-Kate OlsenTrillebårGrant WoodApollo 11Fairytale of New YorkRettferdig RusslandSkjorteSør-KoreaYutaka YoshidaLiza JaneFuglar etter klassifiseringBodø kommuneCarl Philip av SverigeAdresse RotterdamRandy BreckerRadka ToneffCristiano RonaldoMidsommarEselMunnavlesingHøyMik KaminskiBarentshavetStjernebiletet OrionEngelskAlanis MorissetteJoar Hoel LarsenTyrkiaØlenIndre KvarøyVegard OpaasTaigaspissmusLiten stormStatistics New ZealandItaliaIngmar BergmanBelarusHerøy kommune i Møre og RomsdalSjokoladen HobbyIngeborg HeldalProgramleiarar for Eurovision Song ContestNorske militære gradarEddiksyreHolografiOprah WinfreyBiologisk systematikkNoregJonas Gahr StøreLinköpingAustraliaJim MorrisonMolde kommuneHydrogenAlf-Inge HålandTamilsk nyttårGjelleWestport på New ZealandØrnDiezeHenrik II av EnglandSoroptimistÅkerrullAnne Holt🡆 More