Burot

Burot (Artemisia vulgaris) er ein plante i korgplantefamilien.

Burot
Burot
Burot
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Understamme: Artemisiinae
Slekt: Malurtslekta Artemisia
Art: Burot A. vulgaris
Vitskapleg namn
Artemisia vulgaris

Han finst over heile landet, men er sjeldan i Finnmark. Planten blomstrar frå juli/august. Han er og kjend under namn som gråbo, bugrasrot og gråbonde. Ifølgje Cappelen Damms flora er heile planten giftig for husdyr.

Planten har ei sterk lukt, stive, meterhøge stenglar, blad som er mørkegrøne på oversida og sølvgrå hårete på undersida. Dei bitte små blomstrane er samla i gråbrune korger. Pollineringa skjer ved hjelp av vinden. Planten dannar mykje pollen, som kan utløysa allergi.

Utbreiing

Burot finst over store delar av verda. Planten har opphav i tempererte delar av Eurasia. Han ser ut til å ha vore blant dei første plantane som voks i Danmark etter siste istid. I Noreg har han anten halde til ved kysten og i urer, eller blitt innført. Han spreier seg no nordover og oppover i landet, og blir rekna som ugras.

Bruk

Burot har vore brukt som legeplante sidan oldtida, mellom anna mot livmorsjukdommar og til å lindra menstruasjonssmerter. Dessutan har planten vore brukt mot lopper og lus.

Planten har lenge vore brukt i kinesisk matlaging, og blir nytta i riskaker i Kina, Korea og Japan. Burot blir ein sjeldan gong brukt i europeisk matlaging som ein bitter krydderurt, mellom anna som fyll til gåsesteik til jul.

Kjelder

  • Erik Bruun og Budde Christensen: Klassiske legeplanter
  • Leif Ryvarden: Norges planter
  • Mugwort (Artemisia vulgaris L.) ved Gernot Katzer’s Spice Pages
  • Burot ved pollenvarslingen.no
    Referansar

Bakgrunnsstoff

Burot  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Burot
Burot  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Burot UtbreiingBurot BrukBurot KjelderBurot BakgrunnsstoffBurotKorgplantefamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

A Whiter Shade of PaleXboxSauToini PöystiGlobaliseringStilarkSjakkSambaCockerell PeninsulaJonsereds Fabrikers ABSudokuPedro I av BrasilHansjörg JäklePiknikkorgFalunSuzanneJonas Gahr StøreAndefamilienLogogramLol CremeAftonbladetFrits ThaulowHarald EiaAndre verdskrigenGunn Margit AndreassenManuela Di CentaRoy EstradaSommar-OL 1968Ulrike MaierSax-a-boomAnatolij FirsovEselNasjonaldyrLyonerRichie FaulknerNederlandBobby BareStikkelsbærPetter Hugsted1641SundagDanmark-NoregKomponisten John BullAksel SandemoseClaudio MonteverdiSneisAnne HoltHar SedomTorremolinosMikal KirkholtDet norske flaggetKeipFredrik SkavlanJonas LieParisTechtronic IndustriesMahatma GandhiMaloumaFyrst VoldemortMP3OrbitalSamleieBlåmannAlla PugatsjovaLundefuglØrnRamnTraktorSeglskipGotlandØystein SundeAndrej KrautsjankaElg i solnedgangPolen🡆 More