Sommartid

Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid.

Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet.

Sommartid
██ Område som nyttar sommartid (engelsk: daylight saving time, DST) ██ Område som tidlegare har nytta sommartid ██ Område som aldri har nytta sommartid

Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrigen; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte.

Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.

I Europa var det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje hadde sommartid.

Sommartid i ulike land

Sommartid er omstridt i mange land, noko som fører til at ulike regjeringar gjer sommartid gjeldande eit år, mens neste år følgjer normaltid igjen. Datoen for sommartid blir i mange land bestemt for eit år av gongen og kan bli endra på kort varsel av spesielle omsyn.

På den nordlege halvkula nyttar ein sommartid i månadene mars/april til oktober/november. Den sørlege halvkula har sommartid frå oktober til februar/mars.

Frå 2007 vart sommartida utvida i store delar av USA og Canada med fleire veker, frå andre søndagen i mars til første søndag i november. Argumentasjonen for utvidinga var energisparing.

Sommartid i Noreg

Sommartid 
Start av sommartid om våren

Noreg har hatt sommartid i 1916, 1943–45 og 1959–65. Dessutan var det sommartid også om vinteren frå og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942. Noreg har deretter hatt sommartid kvart år sidan 1980. I 1996 vart alle EU-land (og Noreg) samde om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.

  • Når sommartida byrjar i mars, blir klokka skrudd ein time fram kl. 02:00 (til 03:00).
  • Når sommartida sluttar i oktober, blir klokka skrudd ein time attende kl. 03:00 (til 02:00).

Ein hugseregel for kva veg klokka skal stillast, er å stille visarane mot sommaren, altså framover (mot sommaren) om våren, og bakover (mot sommaren) om hausten. I USA er det eit uttrykk som seier Spring Forward, Fall Back. Ordspelet gjenspeglar det å hoppe framover og å falle bakover.

Dei som arbeider natta ein stiller klokka, følgjer normalt klokka og ikkje talet på timar. Det vil seie at om ein lege har vakt den siste helga i oktober frå laurdag klokka 22:00 til søndag kl. 06:00, så får han betalt for 8 timar, sjølv om han har arbeidd timen lmellom 02:00 og 03:00 to gonger.

Helse

Sommartid 
Døgnrytmen er forstyrra når klokka skruast fram. (Her: Greenwich, 2007)

Sommartid vart innført i ei tid då ein visste lite om døgnrytmene til menneske. Ein rekna då med at helseeffekten helst ville vere positiv med ein tilleggstime med dagslys om ettermiddagen. Det er no klart at kroppen si synkronisering med soloppgangen er presis, og studiar viser at dei aller fleste toler dårleg overgangen til sommartid.

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Sommartid i ulike landSommartid i NoregSommartid HelseSommartid Sjå ògSommartid ReferansarSommartid BakgrunnsstoffSommartidDøgnKlokkeNormaltidÅr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WikimediaKjerringa med stavenAstrid TollefsenLagnadMadman Across the WaterKokosmakronItaliensk salatSundagOxfamEinatSeladonPeter F. WolfKongsberg GruppenMesonAyn RandAndre verdskrigenElon MuskOrganistHotel CaliforniaGullRussiske marinefartøy i aktiv tenesteAcanthisRadioheadOddaSkjorteFranskCarles PuigdemontJordskorpeplateRichie FaulknerNordfjordeidOlsokSandnessjøenBuddhistiske høgtiderSmåtrollen och den stora översvämningenChristianiaBodø kommuneSionistAmasoneSakharovprisenGeorg III av StorbritanniaI Dovregubbens hallMaria MuldaurAluminiumTønsberg kommuneDen gregorianske kalenderenGlobaliseringKarriDet australske flaggetKaderDei fire årstideneAmy WinehouseMesopotamiaZaiddiyahMorfofonologiFreddie MercuryKjerringMS «Nordstjernen»Padling under Sommar-OL 2012William OrpenGunnhild SundliFiskeørn187 LambertaAntiqueTsjernobylGerd WessigAtanas TarevKirgisistanAndefamilienKabelsporvognBlood on the TracksMats OlssonMolde kommuneThe Diving BoardEkvipasjeBrexitGro Harlem BrundtlandAnne Lise Gjøstøl🡆 More