Ingrid av Danmark (fødd Ingrid Victoria Sofia Lovisa Margareta 28.
mars 1910–7. november 2000) var ei svensk prinsesse og dansk dronning som ektefelle av Frederik IX frå 1947 til 1972. Ho var mor til den danske dronninga Margrethe II.
Ingrid av Danmark | |||
| |||
Fødd | 28. mars 1910 Stockholms slott | ||
---|---|---|---|
Død | 7. november 2000 Fredensborg slott | ||
Tittel | Consort of Denmark | ||
Alle titlar | prinsesse av Sverige, kronprinsesse, Dronning, dronning av Danmark, enkedronning | ||
Hus eller slekt | Bernadotte, Huset Glücksborg (Danmark) | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Land | Sverige, Kongeriket Danmark | ||
Mor | Margaret av Connaught | ||
Far | Gustav VI Adolf av Sverige | ||
Ektefelle | Fredrik IX av Danmark | ||
Barn | Margrethe II av Danmark, Prinsesse Benedikte, Anne-Marie av Hellas |
Ingrid var fødd på Stockholms slott som prinsesse av Sverige. Ho var den einaste dottera til kong Gustaf VI Adolf av Sverige og den første kona hans, Margaret. Ingrid var berre ti år då mora døydde, og tre år seinare gifta faren seg opp att med Louise Mountbatten.
24. mai 1935 gifta prinsesse Ingrid seg med den danske kronprinsen Frederik. Vigselen fann stad i Storkyrkan i Stockholm.
Kronprinsparet fekk tre døtrer:
20. april 1947 døydde kong Christian X av Danmark, og Frederik blei kong Frederik IX av Danmark med Ingrid som dronning. Sidan det nye kongeparet ikkje hadde nokon søner, måtte lova endrast i 1953. Lova gav òg kvinner arverett til trona, men likevel etter eventuelle brør. Dette medførte at prinsesse Margrethe blei tronfølgjar i staden for onkelen sin, prins Knud.
14. januar 1972 blei dronning Ingrid enke. Dottera hennar blei regjerande dronning med namnet Margrethe II.
Dronning Ingrid skulle leva livet som enke i nesten tretti år. Denne tida brukte ho særleg på familien sin, som med tida blei talrik. I tillegg til Margrethe sine to søner fekk Benedikte tre barn med den tyske ektemannen sin, medan Anne-Marie, som blei dronning av Hellas, fekk heile fem barn. Dronning Ingrid rakk òg å oppleva å bli oldemor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ingrid av Danmark, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.